Diaspor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Diaspor
Mineraly.sk - diaspor.jpg
Diaspor frå Slovakia
Generelt
KategoriOksydmineral
Kjemisk formelAlO(OH)
Strunz-klassifisering04.FD.10
KrystallsymmetriOrtorombisk 2/m 2/m 2/m
Einingscellea = 4.4007(6) Å, b = 9.4253(13) Å, c = 2.8452(3) Å; Z = 4
Identifikasjon
FargeKvit, bleik grå, fargelaus, grønaktig grå, brun, bleik gul, rosa;
KrystallformPlateaktig, langstrekte til nålforma krystallar; òg stalkittisk, blada, skalforma, impregnert og massiv
KrystallsystemOrtorombisk dipyramidal
TvillingFormar hjarteforma tvillingar på {021} eller pseudoheksagonale samlingar
Kløyv{010} perfekt, {110} tydeleg, {100} i spor
BrotMuslig
FastleikSærs sprø
Mohs hardleiksskala6.5 - 7
GlansDiamantaktig, glasaktig, perleaktig på kløyvflater
TransparensGjennomsiktig til gjennomskineleg
Spesifikk vekt3.1 - 3.4
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa (+)
Brytingsindeksnα = 1.682 - 1.706 nβ = 1.705 - 1.725 nγ = 1.730 - 1.752
Dobbeltbrytingδ = 0.048
PleokroismeKraftig
2V-vinkelMålt: 84° til 86°, Utrekna: 80° til 84°
Dispersjon (spreiing)r < v, svak
SmeltbarheitUsmelteleg
OppløyselegheitUoppløyseleg
Kjelder[1][2][3]

Diaspor er eit rombisk mineral som består av aluminiumhydroksid, AlO(OH). Fargen varierer, men det er oftast kvitt eller lilla. Diaspor og böhmitt , ein polymorf form av AlO(OH), er viktige bestanddelar av bauxitt . Mineralet opptrer òg saman med korund i metamorfe kalksteinar og hydrotermalt som omvandlingsprodukt av andre aluminiummineral.

I Noreg er det kjent frå syenittpegmatittar ved Langesundsfjorden. Namnet heng saman med at mineralet spring i stykke ved oppvarming.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Handbook of Mineralogi
  2. Mindat.org
  3. Klein, Cornelis and Cornelius S. Hurlbut, Manual of Mineralogi, Wiley, 1985, 20th ed. p.318 ISBN 0-471-80580-7