Diatonisk skala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein diatonisk skala er ein sjutoneskala bygd opp av fem heiltonetrinn og to halvtonetrinn der dei to halvtonetrinna er maksimalt skilde (med to eller tre heltonetrinn). Diatone skalaer er grunnlaget for ein del av den klassiske europeiske musikken, durskalaen, mollskalaen og alle kyrkjetoneartane er diatone skalaer. Dei to skalaene som i dag blir kalla dur og moll var i mellomalderen og i renessansen berre to av sju kyrkjetoneartar som bestod av diatoniske skalaer som begynte på kvar av dei sju tonane i skalaen. Dur- og mollskalaene har vore dei vanlegaste skalaene i vestleg musikk sidan starten av det tjuande hundreåret.

Ein melodi eller ein akkord blir kalla diatonisk om han følgjer ein diatonisk skala.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]