Diyala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Diayala)
Diyala
elv
Land  Iran,  Irak
Koordinatar 33°13′15″N 44°30′23″E / 33.2208°N 44.5064°E / 33.2208; 44.5064
Lengd 445 km
Kjelde Nord-Irak/Vest-Iran
Munning Tigris
Kart
Diyala
34°17′22″N 45°09′18″E / 34.2895°N 45.155°E / 34.2895; 45.155
Wikimedia Commons: Diyala River

Diyala er ei elv og sideelv til Tigris. Ho oppstår ved samløpet mellom Sirwan og Tanjero i Darbandikhan-damen i Sulaimaniya guvernement i Nord-Irak. Elva har ei samla lengd på 445 km.

Løp[endre | endre wikiteksten]

Samløpet mellom Bil og Sirwan

Elva spring ut nær Hamadan i Zagrosfjella i Iran. Ho renn så gjennom fjella, der ho i 32 km dannar grensa mellom dei to landa. Ho munnar ut i Tigris nedanfor Bagdad. Elva renn gjennom tronge kløfter i den øvre delen, men lenger nede er elvedalen ei viktig handelsrute mellom Iran og Irak.

Elva flyt sørvest for Hamrinfjella.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet har arameisk opphav frå Δέλαζ eller Diyalas. På kurdisk vert ho kalla Sirwan, som tyder 'ropande elv'. I tidleg islamsk tid danna den nedre delen av elva ein del av Nahrawankanalen. Diyala guvernement i Irak er kalla opp etter elva.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Elva er nemnd i Historia av Herodotos som Gyndes. Her vert det sagt at kong Kyros den store tørrla elva med å grave 360 kanalar som straff etter at ein heilag kvit hest forsvann der. Elva gjekk attende til normal vassføring atter at kanalane forsvann i sanden. Slaget ved Diyala fann stad i 693 fvt. mellom styrkar frå Det assyriske riket og elamittane frå Sør-Iran.

I mars 1917 slo britane Det osmanske riket ved samløpet til Tigris, noko som førte til at Bagdad fall, under det mesopotamiske felttoget i fyrste verdskrigen.

Demningar[endre | endre wikiteksten]

I Iran er Daryandammen under utbygging nær Daryan i provinsen Kermanshah. Føremålet med dammen er å leie store mengder vatn frå elva til Sørvest-Iran for vatningsføremål gjennom den 48 km lange Nosoud-tunnellen og for å skape vasskraft.[1][2] I Irak når elva først Darbandikhan-dammen der det ligg eit vasskraftverk og vert lagra vatn for jordbruket. Ho renn så ned til Hemrin-dammen for liknande føremål. I den nedre Diayaladalen nær Bagdad vert elva kontrollert av Diyala-dammen som kontrollerer flaum og vatning i området nordaust for Bagdad.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Darian Dam» (på persisk). Iran Water Resources Management. Arkivert frå originalen 2. februar 2014. Henta 1. mars 2018. 
  2. «Water Tunnel Nosoud» (på persisk). JTMA. Arkivert frå originalen 23. januar 2013. Henta 1. mars 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Diyala