Dick Dale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dick Dale

Dale på klubben The Middle East i Cambridge i Massachusetts i 2005
Fødd4. mai 1937(1937-05-04)
FødestadBoston i Massachusetts
Død16. mars 2019 (81 år)
DødsstadLoma Linda
FødenamnRichard Anthony Mansour
AliasThe King of the Surf Guitar
OpphavUSA
AktivSidan 1959
SjangerSurferock, protopunk, instrumental rock, rock and roll[1]
InstrumentGitar, vokal
Tilknytte artistarDel-Tones
PlateselskapCapitol, GNP Crescendo, Deltone
Verka somMusikar, gitarist

Dick Dale (fødd 4. mai 1937 som Richard Anthony Mansour, daud 16. mars 2019) var ein amerikansk surferockgitarist. Han var ein av dei tidlegaste føregangspersonane innan virtuos gitarrock og er kjend som «The king of the Surf Guitar». Han eksperimenterte med klang og nytta seg av spesialbygde Fender-forsterkarar, mellom anna den første 100-watts forsterkaren.[2] Han pressa grensene for det som var mogeleg innan elektrisk forsterking på denne tida og var med å utvikle nytt utstyr som kunne skape ein forvrengd, «tjukk, og klår tone» med «eit volum ein tidlegare ikkje kunne drøyme om.» Den særs kjappe måten å spele på enkelttonar på og den virtuose gitarteknikken hans vert rekna som ein forgjengar for heavy metal, og påverka gitaristar som Jimi Hendrix og Eddie Van Halen.[1]

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Dale var fødd Richard Anthony Mansour i Boston i Massachusetts, den 4. mai 1937. Han var av libanesisk opphav på farssida og polsk-kviterussisk opphav på morssida.[3] Foreldra var bønder i Whitman i Massachusetts. Familien til Dale flytta til Quincy i Massachusetts, som hadde eit større arabisk samfunn, då Dale var ung. Han lærte å spele musikk som ung og byrja med piano då hva ni år gammal.[4] Dale likte særs godt Hank Williams og han ønskte å bli ein cowboy-songar. Han kjøpte derfor ein liten plastikk-ukulele for seks dollar og lærte seg sjølv å spele etter ei lærebok. Den første songen han spelte på ukulelen var «Tennessee Waltz». Han lærte seg så å spele gitar, og brukte ein kombinasjon av både solo- og rytmespel, slik at gitaren kunne fylle inn der trommene mangla. Han voks opp i Quincy fram til han var ferdig med 11. klasse på Quincy High School i 1954. Faren, som var maskinist, tok då ein jobb i luftfartsinustrien i Sør-California. Familien køyrde gjennom landet for å busetje seg i El Segundo i California. Dale gjekk resten av skuletida på Washington Preparatory High School.[5] Det var i Sør-California at han lærte sseg å surfe då han var 17 år gammal.[6] Han lærte seg etter kort tid å spele trommer og trompet.[7] På grunn av det arabiske opphavet, hadde han ei sterk interesse i arabisk musikk, som seinare spelte ei stor rolle i utviklinga hans av surferock.[8]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Ei viktig inspirasjonskjelde for han i starten var onkelen.[9] Dale fortalte: «Onkelen min lærte meg å spele tarabaki-tromme, og eg såg på når han spelte oud. Me brukte å spele på The Maharjan [ein årleg libanesisk festival nær Boston] medan slektningar magedansa.» Den tidlege tarabaki-spelinga påverka seinare gitarspelet hans, særleg den raske plukkinga på gitarstrengane. Dale sa: «Det er pulseringa. Om eg spelar gitar, trompet eller piano, så har dei alle den trommande rytmen eg lærte med å spele tarabaki»[8]

Dale er rekna som ein av dei første elektriske gitaristane som spelte raske skalaer. Dale var ein surfar og ønskte at musikken hans reflekterte lydane han høyrte medan han surfa. Han var blant dei første gitaristane som brukte gjenklang—som gav gitaren ein særskild «våt» lyd og som vart standard i surfemusikk. Den stakkato plukkinga til Dale er derimot varemerket hans. Han var venstrehendt og måtte i starten spele på høgrehandsgitarar, men byta etter kvart til ei venstrehandsmodell.[9] Men han byta ikkje om på strengane, så han spelte i røynda gitaren opp-ned. Jimi Hendrix, som òg var venstrehendt, byta t.d. om på strengane. Dale spelte ofte med å strekkje fingrane over gripebrettet i staden for å gripe under. Dale var òg kjend for å spele perkussivt og bøygde ofte strengane og brukte det som dei fleste gitaristar reknar som særs tjukke strenger.[10] Gitarstrengprodusentar lagar vanlegvis ikkje så tjukke strengar som det Dale brukte.

Han ønskte å skape ein viss lyd som førte til at han pressa utstyret til yttergrensene.

« Leo Fender gav stadig Dale forsterkarar og Dale sprengde kvar og ein av dei! Ein kveld drog Leo og høgrehanda hans Freddy T. (Freddie Tavares) ned til The Rendezvous Ballroom på Balboa Peninsula i Balboa i California og stod midt mellom fire tusen skrikande og dansande Dick Dale-fans, og sa til Freddy. No forstår eg kva Dick Dale har prøvd å sei meg. Dei drog til James B. Lansing sitt høgtalarselskap og forklarte at dei ønske ein femten tommars høgtalar bygd etter spesifikasjonane deira. Høgtalaren vart kjend som 15" JBL D130F-modellen. Dette skapte ein komplett pakke for Dale å spele gjennom og vart kalla Single Showman Amp. Då Dale plugga Fender Stratocaster-gitaren sin i den nye forsterkaren og høgtalarkabinettet, vart Dale den første personen på jorda som hoppa frå volumskalaen til ein smålåten gitarist (på ein skala på 4) til å skru volumet opp til ti! Det var då Dale vart «Faren til Heavy Metal» slik magasinet Guitar Player kalla han. Dale braut gjennom barrieren som dei elektroniske avgrensingane hadde hatt på den tida![11] »

Etter kvart skapte arbeidet hans med Leo Fender ein særeigen fuzz-lyd som danna grunnlaget for surfemusikken.

I løpet av ein seks månader lang periode frå 1. juli 1961, spelte Dale på The Rendezvous Ballroom i Balboa der han skapte surfemusikkfenomenet. Dale bad om og fekk løyve til å bruke ballsalen med kapasitet for 3000 menneske for surfar-dansar etter at han hadde fyllt opp mindre lokale i området.[12] Eigarane av The Rendezvous og leiarane i Newport Beach gjekk med på at Dalen kunne få leige ballsalen, men berre om det ikkje var alkoholsal og at dei måtte kle seg fint. Konsertane til Dale i ballsalane, kalla «stomps», vart raskt vidgjetne og var som regel utselde.[12] Paul Johnson, gitarist for den samtidige gruppa The Bel-Airs, fortalte om den elektriske atmosfæren på konsertane:

« Eg hugsar eg drog til The Rendezvous sommaren 1961 for å sjå kva alt oppstyret kring Dick Dale dreidde seg om. Det var ei mektig oppleving. Musikken var utruleg dynamisk, høgare og meir sofistikert enn The Belairs, og energien mellom The Del-Tones og alle dei surfarane som dansa rundt på tregolvet i sandalane sine var ekstremt intens. Tonen i gitaren til Dale var større enn eg nokon gong hadde høyrt før, og den flammande teknikken hans var litt av eit skode.[12] »

«Let's Go Trippin'»[endre | endre wikiteksten]

«Let's Go Trippin'» vert ofte rekna som den første surferocksongen.[13] Denne vart følgd opp av songar som berre vart gjevne ut lokalt, som «Jungle Fever» og «Surf Beat» på hans eige selskap, Deltone. Det første albumet hans var Surfers' Choice i 1962. Albumet vart plukka opp av Capitol Records og distribuert nasjonalt, og Dale spelte kort tid etter på The Ed Sullivan Show og i filmar, der han spelte signaturlåten sin «Misirlou». Han sa seinare «Eg hugsar framleis den første kvelden me spelte han («Misirlou»). Eg endra tempoet, og berre køyrd på. Og... det var skummelt. Folk reiste seg frå golvet, og dei ropte og trampa. Eg trur det var byrjinga på surfar-trampinga.»[14] Det andre albumet hans var kalla opp etter kallenamnet hans, «King of the Surf Guitar».

Dick Dale fortalte om dei to lidenskapane sine, surfing og gitar:

« Eg kjende ei enorm kraft når eg surfa, og den krafta overførte eg berre til gitaren min når eg spelte surfemusikk. Musikkstilen eg utvikla var for meg på den tida den kjensla eg fekk når eg var der ute på bølgjene. Det var den gode kjensla eg fekk når eg låste fast til ei bølgje forma som eit røyr og det kvite vatnet fossa ned over hovudet mitt. Eg prøvde å projisere den krafta frå havet til folk. Eg fekk ikkje den kjensla når eg song, så musikken min tok ei instrumental form.[15] »

Dale and the Del-Tones spelte begge sidene av singelen «Secret Surfin' Spot» og «Surfin' and Swingin'» i den populære filmen Beach Party i 1963 med Frankie Avalon og Annette Funicello. Dette var med på å bringe Dale, surfemusikken og surfekulturen ut til eit nasjonalt publikum. Dick Dale and The Del-Tones framførte songane «My First Love,» «Runnin' Wild» og «Muscle Beach» i filmen Muscle Beach Party i 1964. Han deltok òg i filmen Back to the Beach i 1987.

Surferockbølgja var noko kort, sidan den britiske bølgja byrja å ta over på dei amerikanske hitlistene i 1964. Dale fortsette å spele konsertar, men vart sett attende av tjukktarmskreft. I teksten til plateomslaget til Better Shred Than Dead: The Dick Dale Anthology, stod det «Då vil du aldri få høyre surfemusikk igjen», som var reaksjonen til Jimi Hendrix då han fekk høyre at Dale hadde kreft og kanskje ikkje kom til å overleve. Som takk spelte Dale seinare inn «Third Stone from the Sun» som ei hyllest til Hendrix.[16] Dale vart frisk att, men var borte frå musikken i mange år. I 1979 mista han nesten ein fot då han kutta seg medan han sumde og fekk ein infeksjon i såret på grunn av forureina vatn. Som følgje av dette vart Dale miljøaktivist og byrja etter kort tid å spele musikk igjen. Han spelte inn eit nytt album i 1986 og vart nominert til ein Grammy. I 1987 deltok han i filmen Back to the Beach, der han spelte surfemusikk og framførte «Pipeline» med Stevie Ray Vaughan. I 1993 spelte han ein gitarsolo på songen «Should Have Known» av bandet The Pagodas. Då «Misirlou» vart brukt i Quentin Tarantino-filmen Pulp Fiction i 1994 var det mange som oppdaga Dale på ny.

I 1995 spelte han inn in surferockversjon av Camille Saint-Saëns sin «Aquarium» frå The Carnival of the Animals for musikken til berg-og-dal-banen Space Mountain i Disneyland i Anaheim i California. I 1997 deltok Dale i kultfilmen An American Vampire Story, der han spelte ein gitarsolo på ei strand, med sonen på trommer.

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Dale har sagt at han aldri har drukke alkohol eller brukt dop, og oppfordra alltid bandmedlemmane og turnémannskapet til å gjere det same. Helse var alltid viktig for han. I 1972 slutta han å ete raudt kjøt. Han har studert karate i over 30 år. Som 80-åring i 2017 spelte han framleis konsertar.[8]

Heider[endre | endre wikiteksten]

I 2009 vart Dale innlemma i Musicians Hall of Fame and Museum i Nashville.[17] Dale er òg sidan 2011 innlemma i Surfing Walk of Fame i Huntington Beach i California.[18]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Titlar (A-side, B-side)
Begge sider frå same album, bortsett frå der anna er nemnt
Selskap & nummer album
1958 «Ooh-Whee-Marie»
med «Breaking Heart»
Deltone 5012 Ikkje albumspor
1959 «Stop Teasing»
med «Without Your Love»
Deltone 5013
1960 «We'll Never Hear The End Of It»
med «The Fairest Of Them All»
Cupid 103
«St. Louis Blues»
med «Jesse Pearl»
Deltone 5014
1961 «Let's Go Trippin'»
med «Del-Tone Rock»
Deltone 5017 Surfer's Choice
1962 «Jungle Fever»
med «Shake-N-Stomp» (frå Surfer's Choice)
Deltone 5018 Ikkje albumspor
«Misirlou»
med «Eight Till Midnight»
Deltone 5019
«Peppermint Man»
med «Surf Beat»
Deltone 5020 Surfer's Choice
1963 «King Of The Surf Guitar»
med «Hava Nagila»
Capitol 4963 King Of The Surf Guitar
«Surfin' and A-Swingin'»
med «Secret Surfin' Spot»
Capitol 5010 Ikkje albumspor
«The Scavenger»
med «Wild Ideas» (Ikkje albumspor)
Capitol 5048 Checkered Flag
«The Wedge»
med «Night Rider»
Capitol 5098
1964 «Mr. Eliminator»
med «The Victor»
Capitol 5140 Mr. Eliminator
«Wild Wild Mustang»
med «Grudge Run» (frå Checkered Flag)
Capitol 5187 Ikkje albumspor
«Glory Wave»
med «Never On Sunday»
Capitol 5225 Summer Surf
«Oh Marie»
med «Who Can He Be»
Capitol 5290 Ikkje albumspor
1965 «Let's Go Trippin' 65»
med «Watusi Jo»
Capitol 5389
1966 «A Run For Life»
med «Lovin' On My Brain»
Deltone 5028
1975 «Let's Go Trippin'»
med «Those Memories Of You»
GNP Crescendo 804 Greatest Hits
1987 «Pipeline» (med Stevie Ray Vaughan)
med «Love Struck Baby» (av Stevie Ray Vaughan) (Ikkje albumspor)
Columbia 07340 Back to the Beach

Samle- og konsertalbum[endre | endre wikiteksten]

  • Hot Rod Music on Capitol (Capitol 1963)
  • The Big Surfin' Sounds on Capitol (Capitol 1964)
  • Rock Out with Dick Dale and His Del-Tones: Live at Ciro's (Capitol. March 1965)
  • Greatest Hits (GNP Crescendo 1975)
  • Golden Summer (United Artists 1976)
  • The Tigers Loose (Balboa. August 1983) [konsertalbum]
  • King of the Surf Guitar: The Best of Dick Dale & The Del-Tones (Rhino 1989)
  • Cowabunga Surf Box Set (Rhino 1996)
  • Rocket Jockey (Rocket Science Games/SegaSoft 1996)
  • Better Shred Than Dead: The Dick Dale Anthology (Rhino 1997)
  • MOM II Music for our Mother Ocean (Surf Dog Records 1997)
  • Guitar Legend: The Very Best of Dick Dale (Shout! Factory 2010)
  • The Phantom Surfers and Dick Dale - Conquer Your World! (Groovie Records 2011)
  • Dick Dale: Live on the Santa Monica Pier (Rockbeat Records July 2014)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Huey, Steve. «Dick Dale». AllMusic. Henta 2. mars 2018. 
  2. History Arkivert September 13, 2016, ved Wayback Machine., Dick Dale official website
  3. Huey, Steve. «Dick Dale Biography». Allmusic. 
  4. Larkin, Colin (2000). The encyclopedia of popular music. Oxford University. s. 699. ISBN 0195313739. 
  5. Crowe, Julia (2012). My First Guitar: Tales of True Love and Lost Chords from 70 Legendary Musikars. ECW Press. s. 92–93. ISBN 1770902759. 
  6. Hodgins, Paul (March 21, 2009). «Guitar Screams On». Orange County Register. s. News 15. 
  7. Hodgins, Paul (March 20, 2009). «Dick Dale is still darn loud». Orange County Register. s. News 15. 
  8. 8,0 8,1 8,2 Holgate, Steve (14 September 2006). «Guitarist Dick Dale Brought Arabic Folk Song to Surf Music». The Washington File. Bureau of International Information Programs, U.S. Department of State. Henta 2. mars 2018. 
  9. 9,0 9,1 «Dick Dale – Discover music, videos, concerts, stats, & pictures at». Last.fm. 11. februar 2009. Henta 2. mars 2018. 
  10. Dick Dale-intervju, Fresh Air]], WHYY/NPR, 26. juli 1993, sendt på ny 25. mai 2007.
  11. «Official website». Dickdale.com. Henta 2. mars 2018. 
  12. 12,0 12,1 12,2 «Rendezvous Ballroom». Huntington Beach International Surfing Museum. Arkivert frå originalen 19. juli 2011. Henta 2. mars 2018. 
  13. Marsh, Dave (2004). Brackett, Nathan; Hoard, Christian, red. The New Rolling Stone Album Guide. Simon and Schuster. s. 208. ISBN 978-0-7432-0169-8. 
  14. «Washed out for a decade, surf's up again,» Los Angeles Times, 1 February 1981.
  15. David P. Szatmary, Rockin' in Time, 8th ed. (Upper Saddle River, NJ: Pearson, 2014), p. 73.
  16. Dick Dale, Better Shred Than Dead: The Dick Dale Anthology (Rhino Records, 1997), liner notes to Disc 2, Track 12.
  17. CMT : News : Rascal Flatts Perform With Toto During Musicians Hall of Fame Induction Ceremony Arkivert October 31, 2014, ved Wayback Machine.
  18. Carroll, Corky (June 9, 2011). «Walk of Fame inductee list one of the best ever». The Orange County Register. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Dick Dale