Dick Morrissey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dick Morrisey)
Dick Morrissey

Fødd9. mai 1940
FødestadHorley
Død8. november 2000 (60 år)
DødsstadDeal i Kent
FødenamnRichard Edwin Morrissey
OpphavStorbritannia
Aktivca. 1960–2000
SjangerJazz
hard bop
souljazz
jazz-rock
jazz fusion
InstrumentTenorsaksofon, sopransaksofon, fløyte
Tilknytte artistarIf
Morrissey – Mullen
Alexis Korner
Jon & Vangelis
Vangelis
Rocket 88
Gary Numan
Pete York
PlateselskapMange
Verka somMusikar og låtskrivar

Richard Edwin «Dick» Morrissey (9. mai 19408. november 2000) var ein britisk jazzmusikar og låtskrivar. Han spelte tenorsaksofon, sopransaksofon og fløyte.

Han spelte inn fleire soloalbum, og debutalbumet It’s Morrissey, Man! kom i 1961 og spelte med mange britiske jazzartistar opp gjennom 1960-åra. I 1969 vart han med det tidlege jazzrockbandet if fram til 1975, då bandet vart oppløyst. Han drog då på turné med Alexis Korner og så med Average White Band, før han møtte gitaristen Jim Mullen. I lag danna dei Morrissey – Mullen (M&M). I løpet av 16 år spelte dei inn sju album i lag og var eit særs anerkjend jazzfusion-band.

I tillegg til å leie sine eigne jazzcomboar har Morrissey spelt med mange andre artistar, som Tubby Hayes, Bill Le Sage, Roy Budd, Ian Hamer, Ian Carr, Tony Lee, Tony Archer, Michael Garrick, Spike Robinson, Allan Ganley, Peter King, Ray Warleigh, samt meir rock og popartistar som Ian "Stu" Stewart, Charlie Watts, Alexis Korner, Jack Bruce, Colin Hodgkinson, Don Weller, Zoot Money, Kohn Picard, Rocket 88, Charly Antolini, Alexis Korner (fleire album), Hoagy Carmichael, Mike Carr, Georgie Fame, Brian Auger, Dusty Springfield, Freddie Mack, Pete York, Paul McCartney, Orange Juice, Gary Numan, Phil Carmen, Herbie Mann, Shakatak, Peter Gabriel, Jon Anderson, Demis Roussos, Jon & Vangelis og Vangelis, som han spelte den stemningsskapande saksofonsoloen på «Love Theme» frå Blade Runner for.

Andre musikarar Dick Morrissey har spelt på scenen med er mellom andre David "Fathead" Newman, Tommy Körberg, Boz Scaggs, Johnny Griffin, David Sanborn, Steve Gadd, Richard Tee, Billy Cobham, Michael Brecker, Randy Brecker, Sonny Fortune, Sonny Sharrock og Teddy Edwards, Mel Collins, Dick Heckstall-Smith, John Surman, Graham Bond, Klaus Doldinger, Al Casey, Miller Anderson og Bridget St. John.

Dick Morrissey døydde 8. november 2000, 60 år gammal, etter mange års kamp mot kreft.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Med If[endre | endre wikiteksten]

Med Morrissey – Mullen[endre | endre wikiteksten]

Samarbeid[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]