Dick Wagner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dick Wagner
Fødd14. desember 1943 (80 år)
i Oelwein i Iowa i USA
FødestadOelwein
Død30. juli 2014
DødsstadPhoenix
FødenamnRichard Allen Wagner
OpphavUSA
Aktiv1964 til i dag
SjangerRock, hardrock, heavy metal, sjokkrock
Instrumentgitar, Synging/Vokal,
PlateselskapDesert Dreams Records
Verka somMusikar, gitarist, produsent

Dick Wagner (fødd 14. desember 1943) er ein amerikansk rockegitarist og låtskrivar, mest kjend for arbeidet sitt med Alice Cooper, Lou Reed og KISS.

Han spelte i bandet The Frost mot slutten av 1960-åra, som gav ut tre album på Vanguard Records. Litt seinare vart han rekruttert til bandet til Lou Reed i lag med gitarist Steve Hunter. I lag er dei mest kjend for introen til Rock 'n' Roll Animal og konsertversjonen av «Sweet Jane». Kort tid etter førte produsent Bob Ezrin både Wagner og Hunter til innspelingar med Alice Cooper. Wagner hadde alt spelt på School's Out.

Wagner spelte med Alice Cooper på fleire album, mellom anna det banebrytande Welcome to My Nightmare i 1975.

Wagner har òg spelt eller skrive songar for Aerosmith, Lou Reed, Burton Cummings, KISS, Meat Loaf, Steve Perry, Ringo Starr, Etta James, Peter Gabriel, Rod Stewart, Tina Turner, Air Supply, Hall & Oates Roy Orbison, Jerry Lee Lewis, Little Richard og mange fleire.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]