Dictablanda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dictablanda er eit omgrep frå statsvitskapen som syner til eit diktatur der sivile rettar for det meste er tekne vare på, heller enn å verta vanda.

Ordet dictablanda kjem frå spansk dictadura («diktatur») og blanda («mild»); ordet speglar òg at blanda kjem i staden for dura («hard»).

Omgrepet vart fyrst nytta in Spania i 1930 då general Dámaso Berenguer overtok for general Miguel Primo de Rivera y Orbaneja som overhovud for militærjuntaen (directorio militar) og freista svekkja spenningane i landet ved å mykja opp nokre av dei strengaste tiltaka som hadde kome til under diktaturet. Det vart òg nytta om dei seinare åra i regimet åt general Francisco Franco, og om det sytti år varande hegemoniet åt Institutional Revolutionary Party (PRI) i Mexico.

Omgrepet «dictablanda» er bruka som eit motstykke til democradura, som tyder illiberalt demokrati — eit system der styremakter og leiarar er valde, men like fullt tek tolleg lett på sivile rettar.

Eit døme på dette er Pakistan under Pervez Musharaff.