Dictyostelium discoideum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dictyostelium discoideum
Dictyostelium discoideum
Dictyostelium discoideum
Systematikk
Rike: Protozoar Protozoa
Underrike: Sarcomastigota
Rekkje: Amoebozoa
Klasse: Dictyostelia
Orden: Dictyosteliida
Familie: Dictyosteliidae
Slekt: Dictyostelium
Art: D. discoideum
Vitskapleg namn
Dictyostelium discoideum

Dictyostelium discoideum er ein sosial amøbe som lever i jorda, der han et bakteriar og gjærsoppar gjennom fagocytose. Han har vore nytta som ein modellorganisme sidan 1960-åra.[1]

D. discoideum har ei usamanhengande utbreiing. Amøben finst i Amerika, Japan, IndiaPakistan og Nepal, men ikkje i Europa.[2]

Når individ av D. discoideum svelt går dei saman og dannar fruktlekamar sette saman av opp til 100 000 individ. Dei finn saman gjennom utslepp av cAMP og kjemotaksis.[3] D. discoideum har G-protein-kopla reseptorar i sellemembranen som gjer at dei kan føla cAMP-gradienten og gå mot høgre cAMP-konsentrasjon.[4] Tidleg i danninga av fruktlekamen vil individa differensiera seg til to hovudtypar av seller.[5]

D. discoideum fekk genomet sitt ferdig sekvensert i 2005. Det har ein storleik på kring 34 megabasepar fordelte på seks kromosom, og er rekna å ha over 13 000 sekvensar som kodar for protein. Mitokondria har eit genom på kring 55 kilobasepar.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Muñoz-Braceras, Sandra; Mesquita, Ana; Escalante, Ricardo (2013). «Dictyostelium discoideum as a Model in Biomedical Research». Dictyostelids. s. 1. ISBN 978-3-642-38486-8. doi:10.1007/978-3-642-38487-5_1. 
  2. Cavender, James C (2013). «A Global Overview of Dictyostelid Ecology with Special Emphasis in North American Forest». Dictyostelids. s. 149. ISBN 978-3-642-38486-8. doi:10.1007/978-3-642-38487-5_8. 
  3. Li, Si. I; Purugganan, Michael D (2011). «The cooperative amoeba: Dictyostelium as a model for social evolution». Trends in Genetics 27 (2): 48. PMID 21167620. doi:10.1016/j.tig.2010.11.003. 
  4. Jowhar, Dawit; Janetopoulos, Chris (2013). «The Chemotactic Compass». Dictyostelids. s. 71. ISBN 978-3-642-38486-8. doi:10.1007/978-3-642-38487-5_4. 
  5. Fukuzawa, Masashi (2011). «Control of prestalk-cell differentiation by transcription factors». Development, Growth & Differentiation 53 (4): 538. doi:10.1111/j.1440-169X.2011.01269.x. 
  6. Glöckner, Gernot (2013). «Genome Analysis of Social Amoebae». Dictyostelids. s. 35. ISBN 978-3-642-38486-8. doi:10.1007/978-3-642-38487-5_2. 
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.