Diderich Brynildsen
| Diderich Brynildsen | |||
| | |||
| Fødd | 13. juli 1853 Bergen kommune | ||
|---|---|---|---|
| Død | 26. februar 1933 (79 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Høgre | ||
| Yrke | politikar, bakar | ||
| Alle verv |
| ||
Diderich Anton Brynildsen (13. juli 1853–26. februar 1933) var ein bakarmeister i Bergen, bystyremedlem og stortingsrepresentant for Høgre.
Han var son av ein bakarmeister i Bergen. Etter å ha fullført Tanks realskule og lengre utanlandsopphald i København og Paris, tok han frå 1880 over som bakarmeister i forretninga på Store Markevei 11 i Bergen. Bakeriet var ein av dei gamle privilegerte bakargardane i Bergen. Bakarforretninga var familieeigd i fire generasjonar, men etter bybrannen i 1916 vart ho ikkje bygd opp att.
Brynildsen var medlem av Bergen formannskap 1891-98, og sat seinare i bystyret. Perioden 1904-06 var han 3. representant på Stortinget for Bergen, medlem av Lagtinget og i tollkomiteen. I 1905-06 var han medlem av den utvida sosialkomiteen, der han kom inn under behandlinga av bakarlova.
I Bergen var Brynildsen medlem av ulike byggekomitéar, formann i Bergens nye sykehuser, formann i den nye sjømannsskulens byggekomite, medlem av arbeidsutvalet for det nye teateret, deltok i komitéarbeid for bygningsloven av 1899, medlem av Bergens Sparebanks, Skillingsbanks og Kreditbankens representantskap og tilsynskomité og fleire andre institusjonar.
Han vart tildelt 7. juni-medaljen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Bokmålswikipedia
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Biografisk informasjon om Diderich Brynildsen ved PolSys hos Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør