Didgori

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Didgori
fjell
Land  Georgia
Fjellkjede Trialeti
Høgd 1 647 moh.
Kart
Didgori
41°45′38″N 44°30′25″E / 41.760555555556°N 44.506944444444°E / 41.760555555556; 44.506944444444
Wikimedia Commons: Didgori

Didgori er eit fjell om lag 40 km vest for Tbilisi, hovudstaden i Georgia i den austlege delen av fjellkjeda Trialeti, som er ein del av Litle Kaukasus. Fjellet har ei høgd på 1 647 meter over havet.

Fjellet vart åstad for slaget ved Didgori, som den georgiske kongen David IV vann over Seljuk den 12. august 1121. Slagmarka strekte seg over fleire kilometer og er dekt av subalpine enger. Tidleg i 1990-åra vart det reist eit imponerande monument til minne om slaget. Det består av mange massive sverd, som står ned i bakken forma som ein kross, med kolossale skulpturar av falne soldatar spreidd rundt på engene.