Didier Drogba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Didier Drogba
Didier Drogba 9279.JPG
Fullt namn Didier Yves Drogba Tébily
Fødd 11. mars 1978
Abidjan i Elfenbeinskysten
Høgd 188 cm
Kallenamn Tito, Didi
Posisjon Spiss
Klubbinformasjon
Spelar for Flag of England.svg Chelsea
Draktnummer 11
Ungdomsklubb
1996-1998 Frankrike Levallois SC
Frankrike Le Mans FC
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1998-2002
2001-2003
2003-2004
2004-
Frankrike Le Mans FC
Frankrike Guingamp
Frankrike Marseille
Flag of England.svg Chelsea
64 (12)
45 (20)
35 (19)
177 (90)
Landslag**
2002- Elfenbeinskysten Elfenbeinskysten 71 (45)

Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
sist oppdatert 15. mars 2010.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 15. januar 2010.

Didier Yves Drogba Tébily (fødd 11. mars 1978) er ein ivoriansk fotballspelar som har spelt for Chelsea FC sidan 2004.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Didier Drogba vart fødd i Abidjan, men vart sendt til Frankrike som femåring for å bu med ein onkel som også var profesjonell fotballspelar. På grunn av heimlengt vart Didier sendt heim att til Abidjan etter tre år, men då begge foreldra vart arbeidslause, vart han sendt attende til onkelen i Frankrike. Det var i Frankrike han tok til å spela profesjonell fotball. Han starta i Levallois og heldt fram i Le Mans FC, der han tok til å spela for fyrstelaget i 1998. Han spelte for både Guingamp og Marseille før han enda opp i engelske Chelsea i 2004. Han var toppskårar i Premier League i 2009/10-sesongen, med 29 seriemål.

Sjølv om han har vakse opp delvis i Frankrike, har Drogba alltid spelt på landslaget til heimlandet Elfenbeinskysten. Han kom med på landslaget fyrste gong i 2002. Mellom anna har han delteke i fleire Afrikameisterskapar i fotball, og han var med då Elfenbeinskysten kvalifiserte seg til Fotball-VM for fyrste gong i 2006 i Tyskland. I denne meisterskapen skåra han i ein kamp mot Argentina, som Elfenbeinskysten til slutt tapte. Han spelte også under fotball-VM 2010 i Sør-Afrika; her skåra han mot Brasil i ein kamp som motstandaren vann 3 - 1.

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Drogba er gift med Diakité Lalla frå Mali, og dei har tre born i lag. Drogba har også utmerka seg ved å donera pengar til veldedige føremål. Han er utnemnt til ambassadør av FN sitt utviklingsprogram, og han har donert 3 millionar pund til å oppretta eit sjukehus i Abidjan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Engelsk Wikipedia om Drogba.