Didius Julianus
Utsjånad
| Didius Julianus | |||
![]() | |||
| Fødd | 133 | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Mediolanum | ||
| Død | 1. juni 193 | ||
| Dødsstad | Roma | ||
| Føregangar | Pertinax | ||
| Etterfølgjar | Septimius Severus | ||
| Gift med | Manlia Scantilla | ||
| Far | Quinto Petronio Didio Severo | ||
| Mor | Aemilia Clara | ||
| Born | Didia Clara | ||
Marcus Didius Julianus var ein romersk keisar. Han var keisar i to månader i 193 då føregangaren hans, Pertinax, vart drepen.
Julianus vart vald til ny keisar av Pretorianargarden av di han baud garden mest for tittelen. Julianus var særs lite omtykt av folket i Roma, og det braut ut store demonstrasjonar mot Julianus og garden. Fleire generalar og legionar gjorde oppreist mot Julianus, mellom desse Septimius Severus. Severus hærtok Roma og tok over keisarmakta.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Jon W. Iddeng (2018). Romerrikets historie - keisertida 2. Dreyers Forlag. s. 315.
