Soga om Didrik av Bern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Didriks Saga)

Soga om Didrik av Bern, norrønt Þiðreks saga af Bern, er ei riddarsoge som omhandlar storverka til helten, Didrik av Bern, som er laust basert på den historiske gotarkongen Theoderik den store. «Bern» i soga er byen Verona i Nord-Italia. Soga vart skriven ned rundt midten av 1200-talet i Noreg, bygd på «tyske menns segner». Soga er ei laus samling med segner om ulike heltar og storverk, laust sydd saman til ein heilskap rundt Didrik av Bern. Kjende sagnfigurar som Sigurd Fåvnesbane, smeden Volund og Attila er òg med i soga. Delar av stoffet er òg kjend frå t.d. Nibelungenlied og Den yngre edda, men nokon av forteljingane er berre overlevert gjennom denne soga. Det er ikkje kjend kven som sette saman soga, eller om det var ein nordmann eller islending.

Soga om Didrik av Bern skil seg frå den andre samtidige sagalitteraturen. Ho har mest til felles med riddarsogene, men er eldre enn dei fleste av desse. I klassifisering av sagalitteraturen vert ho difor stundom sett åleine i sin eigen kategori.

Soga har truleg vore svært populær i mellomalderen, og på 1400-talet vart det laga ein versjon på svensk, på rim. I moderne tid har soga vore mindre populær. Litterært sett har soga vorte rekna som mindreverdig. Ho er omsett til engelsk og tysk, men aldri i sin heilskap til moderne norsk. Vurderinga frå Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder er typisk for det moderne synet på soga:

De gamle sagn er her popularisert og ofte vulgarisert, det er lite igjen av det tragisk heroiske i Eddakvadene (...) Personskildringen er skjematisk, uten psykologisk innsikt, de mest populære helter er slåsskjemper (...) og frierhistoriene er rene parodier[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]