Didymótikho

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Didymótikho
Lokalt namn: Διδυμότειχο
Utsyn over byen frå borga
Utsyn over byen frå borga
Geografi
2011 Dimos Didymotichou.svg
Stad Thráki
Koordinatar 41°21′N 26°30′EKoordinatar: 41°21′N 26°30′E
Areal 569,5 km²
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Aust-Makedonía og Thráki
Évros
Hovudsete Didymótikho (9 263 innb.)
Demografi
Folketal 19 493 (2011)
Folketettleik 34,5 /km²

Didymótikho (gresk Διδυμότειχο) er ein by aust i periferieininga Évros i periferien Aust-Makedonía og Thráki i Hellas.

Han er sete i kommunen med same namn, og ligg kring 12 km frå Tyrkia på vestsida av elva Évros (Maritsa). Han er den austlegaste kommunen på det greske fastlandet. I vest er mykje av landskapet fjellendt og skogkledd, medan det er jordbruksområde i sentrale og nordlege delar. Det går ei jernbanelinje frå Thessaloníki til Istanbul gjennom kommunen og det same gjer den greske vegen 51 (Alexandroúpoli - Orestiáda - Edirne i Tyrkia og Svilengrad i Bulgaria). Byen har vel 9 000 innbyggjarar og ligg på ei slette søraust for Svilengrad, sør for Edirne, Tyrkia og Orestiáda, vest for Uzunköprü, om lag 20 km nord for Souflí og om lag 90 km nord for Alexandroúpoli. Dei største andre busetnadane i kommunen er Lagós, Koufóvouno, Sofikó, Ellinokhóri og Karotí.

Kyrkja Panajía Eleftherótria i Didymótikho.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Bayezid (Mehmed I) moske.

Området kring byen vart grunnlagd i yngre steinalder. Det var ein viktig trakisk og hellenistisk by. Byen vart plyndra av romarane i 204 f.Kr. Tidleg på 100-talet skapte den romerske keisaren Trajan ein ny by mellom dei to åsane kring byen og kalla han Plotinopolis etter kona Pompeia Plotina. Byen vart seinare ein av dei viktigaste byane i Thrakia og hadde sin eigen samankomst. Restane av denne byen er i dag kjend som Kale, etter det tyrkiske ordet for «borg». I 1980-åra vart det funne ein massiv gullbyste av Trajan der Plotinopoulis låg.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

I mellomalderen heitte byen Demotika og var ein viktig marknadsby og ein av dei flottaste jaktstadane for keisarane og dei seinare sultanane. Austromarane bygde forsvarsverk rundt byen og etter dei gjenerobra Konstantinopel i 1261, vart han ein av dei viktigaste byane i Thrakia og det austromerske Makedonia. Byen vart kringsett fleire gonger av Det andre bulgarske riket, og under dei austromerske borgarkrigane på 1300-talet vart han viktig som sete for Andronikos III Palaiologos og Johan VI Kantakouzenos. Byen var òg fødestaden til keisarane Johan III Vatatzes og Johan V Palaiologos.[1]

Osmanarane[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg osmansk Hellas.
Borga i Didymótikho.

Slaget ved Demotika, den første osmanske sigeren i Europa, vart utkjempa føre byen i 1352 under nok ein austromersk borgarkrig. I 1361, etter ei fleire år lang kringsetjing, klarte osmanarane å erobre byen. I motsetnad til nabobyen Adrianopel som vart brend til grunnen, vart denne byen halde intakt og gjort til hovudstad for Det osmansk riket ein kort periode. Det var då dei bygde den store moskeen og bada i byen, som begge var dei første av sitt slag på det europeiske kontinentet. Under tyrkisk styre vart byen kjend som Dimetoka eller Demotika. Den osmanske sultanen Bayezid II vart fødd der. Etter Poltava, levde kong Karl XII av Sverige i eksil i byen (1713–1714). Under den osmanske byen var han eit stort senter for Bektashi-Sufi-ordenen.

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

I 1912 vart byen ei kort stund okkupert av bulgarar under den første balkankrigen, men vart gjeven attende til osmanarane eit år seinare. Osmanarane gav byen til Bulgaria i 1914, som løn for å ha gått inn i den første verdskrigenSentralmaktene si side. Byen vart teken frå Bulgaria under vilkåra i Neuilly-traktaten i 1919.[2] Som andre stader i Vest-Thrakia vart Didymótikho mellombels styrt av Ententen leia av franske general Sharpe. I andre halvdel av april 1920, på San Remo-konferansen med statsministrane til dei hovudallierte i Entente-maktene (utanom USA), vart Vest-Thrakia gjeven til Hellas. Den andre verdskrigen gjekk hardt utover byen.

Byen vart råka av ein storflaum i Évroselva i februar 2005.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kart over kommunaleiningane i kommunen Didymótikho. ██ 1 - Didymótikho ██ 2 - Metaxádes

Frå 2011 omfattar kommunen Didymótikho òg den tidlegare kommunen Metaxádes. Dei to tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.

Den tidlegare kommunen Didymótikho, no kommunaleininga Didymótikho

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.thrakiki.gr/didimotixo.htm
  2. Treaty of Neuilly, article 27 (3), 48

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]