Dieđut

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Dieđut er den vitskaplege skriftseria eller tidsskriftet som Nordisk samisk institutt i Kautokeino gjev ut. Dieđut har komme ut sidan 1974 (fram til 1978 under namnet Dieđot, etter dåverande rettskriving (Bergsland-Ruong-rettskrivinga).

Dieđut kjem med uregelmessige mellomrom, og inneheld både monografiar og artikkelsamlingar. Hovudtyngda av artiklane er produsert av tilsette ved Nordisk samisk institutt, og dei er i hovudsak skrivne på nordsamisk, finsk, norsk eller engelsk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]