Die Brücke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utstillingsplakat frå 1910, laga av Ernst Kirchner

Die Brücke ('Brua') var ei kunstnargruppe som vart danna i Dresden i 1905 av arkitekturstudentane Ernst Kirchner, Fritz Bleyl, Erich Heckel og Karl Schmidt-Rottluff, ei gruppe som varsla ekspresjonismen. Max Pechstein, Otto Mueller og Cuno Amiet var også medlemer, og i ei kort tid også Emil Nolde og Kees van Dongen.

Hovudmålsettinga for Die Brücke var å lage ei bru mellom tradisjonell, tysk nyromantisk målarkunst og moderne ekspresjonistisk måleri. Verka til medlemene i Die Brücke var prega av eit lineært og rytmisk formspråk, og ei forenkling av form og fargar. Dei brukte sterke fargar og tok element frå primitivismen.

Die Brücke, som vart formelt oppløyst i 1913, var den fyrste av to tyske kunstnargrupper som var viktig for ekspresjonismen. Den andre var Der Blaue Reiter som vart danna i München i 1911.

Størstedelen av verka til Die Brücke-målarane vart erklært som entartete kunst i 1935, beslaglagt og i mange tilfelle øydelagd av nazi-styresmaktene. Den tyske staten har dei seinare åra kjøpt inn Brücke-verk frå samlarar i ulike land, og har for samlinga bygd Brücke-Museum i utkanten av Berlin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]