Die Together

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Die Together»
Song av Amanda Tenfjord

Land Hellas, Noreg
Språk Engelsk
Utgjeve 10. mars 2022
Sjanger Popballade
Lengd 02:55
Selskap Propeller Recordings
Komponist Amanda Tenfjord, Bjørn Helge Gammelsæter
Tekstforfattar Amanda Tenfjord, Bjørn Helge Gammelsæter
Låtskrivar(ar) Amanda Tenfjord, Bjørn Helge Gammelsæter

«Die Together» (norsk 'døy saman') er ein popballade med den gresk-norske songaren og låtskrivaren Amanda Tenfjord. Ho skreiv låten saman med den norske musikaren og produsenten Bjørn Helge Gammelsæter. Låten vart gjeven ut 10. mars 2022 og var det greske bidraget til Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«Die Together» er ein popballade som handlar om eit døyande forhold. Men songaren tenkjer over moglegheita for å forlate dette livet samstundes som den ho elskar, slik at dei alltid vil ha kvarandre, og at ho ikkje vil miste han til nokon andre.[1] Amanda Tenfjord skreiv låten saman med Bjørn Helge Gammelsæter, som også produserte låten.[2]

Amanda Tenfjord vart hausten 2021 spurd om ho ville sende inn nokre songar til den greske ålmennkringkastaren ERT si jakt på det greske bidraget til Eurovision Song Contest 2022.[3][4][5] Tenfjord har gresk far og budde sine fyrste barneår i Hellas, før familien flytta til Tennfjord i Noreg.[6] ERT avgjorde at Tenfjord skulle få representere Hellas i Eurovision Song Contest, og avgjerda vart offentleggjord 15. desember 2021.[7] Men songen vart offentleggjord 10. mars 2022 og gjeven ut for strøyming og nedlasting same dag.[1]

Tenfjord enda opp på åttandeplass med «Die Together» i finalen i Eurovision Song Contest laurdag 14. mai 2022.[8]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2022) Høgaste
plassering
Flagget til Hellas Hellas (IFPI Greece)[9] 2
Flagget til Island Island (Tónlistinn)[10] 29
Flagget til Litauen Litauen (AGATA)[11] 19
Det nederlandske flagget Nederland (Single Tip)[12] 18
Det britiske flagget Storbritannia (UK Download (OCC))[13] 67
Flagget til Sverige Sverige Heatseaker (Sverigetopplistan)[14] 5

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Greece: Amanda Tenfjord releases her Eurovision 2022 song "Die Together"». wiwibloggs (på engelsk). 10. mars 2022. Henta 10. mars 2022. 
  2. «Greece: Amanda Tenfjord will sing "Die Together" at Eurovision 2022». Eurovisionworld (på engelsk). 10. mars 2022. Henta 10. mars 2022. 
  3. Argyriou, Giannis (18. august 2021). «All the information about the Greek entry in Eurovision 2022 so far!». Eurovision Fun (på engelsk). Henta 20. august 2021. 
  4. Argyriou, Giannis (23. november 2021). Ελλάδα: Εκτός top20 της διαδικασίας το τραγούδι του Νίκου Γκάνου | ΑΠΟΚΛΕΙΣΤΙΚΟ. Eurovision Fun (på gresk). 
  5. «Intervju med Amanda Tenfjord». Melodi Grand Prix 2022 – finale (på norsk bokmål). 19. februar 2022. Henta 10. mars 2022. 
  6. «Amanda Georgiadi Tenfjord - Greece - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Arkivert frå originalen 10. mars 2022. Henta 10. mars 2022. 
  7. Farren, Neil (15. desember 2021). «🇬🇷 Greece: Amanda Tenfjord to Eurovision 2022». Eurovoix (på engelsk). Henta 15. desember 2021. 
  8. «Amanda Georgiadi Tenfjord - Greece - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. mai 2022. 
  9. «Official IFPI Charts Digital Singles Chart (International) Week: 19/2022». www.ifpi.gr. IFPI Greece. Arkivert frå originalen 22. mai 2022. Henta 23. mai 2022. 
  10. «TÓNLISTINN – LÖG vika 20–2022» (på islandsk). Tónlistinn Plötutíðindi. 21. mai 2022. Arkivert frå originalen 22. mai 2022. 
  11. «2022 20-os savaitės klausomiausi (TOP 100)». Agata (på litauisk). 20. mai 2022. Henta 19. juni 2022. 
  12. «Dutch Charts - dutchcharts.nl». dutchcharts.nl. Henta 19. juni 2022. 
  13. «Official Singles Downloads Chart Top 100 20 May 2022–26 May 2022». www.officialcharts.com (på engelsk). Official Charts Company. Henta 19. juni 2022. 
  14. «Veckolista Singlar, vecka 20». Sverigetopplistan (på svensk). Henta 23. mai 2022.