Diego Maradona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Diego Armando Maradona)
Diego Maradona

Statsborgarskap Argentina
Fødd 30. oktober 1960
Lanús
Død

25. november 2020 (60 år)
Dique Luján

Yrke fotballspelar, fotballtrenar, skodespelar
Språk italiensk, spansk
Høgd 165 centimeter
Ektefelle Claudia Villafañe
Diego Maradona på Commons
Maradona med VM-pokalen i 1986

Diego Armando Maradona (fødd 30. oktober 1960 i Lanús, død 25. november 2020) var ein argentinsk fotballspelar og seinare trenar. Han vann VM-gull med Argentina i 1986 og VM-sølv i 1990. Frå oktober 2008 til juli 2010 var han landslagssjef for Argentina. Maradona vert rekna mellom dei aller beste fotballspelarane gjennom tidene.

Maradona deltok i fire verdsmeisterskap i fotball; 1982, 1986, 1990 og 1994. Han var den sentrale spelaren på laget då Argentina vann VM i fotball 1986 i Mexico, der han vart kåra til den beste spelaren i meisterskapen. Fire år seinare var han kaptein på landslaget då Argentina spelte seg fram til VM-finale, ein kamp som enda med tap 0-1 for Vest-Tyskland.

Klubbspelaren Maradona slo gjennom for Argentinos Juniors, og spelte deretter for Boca Juniors, FC Barcelona, SSC Napoli og Sevilla FC. Størst suksess hadde han med Napoli, der han vart italiensk dobbelmeister i 1987, vann UEFA-cupen i 1989 og sikra seg sitt andre italienske seriegull i 1990.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]