Dieter Neuendorf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dieter Neuendorf


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 7. juli 1940
Ruhla
Død

21. mai 2021 (80 år)

Idrett skihopping
Tok del i

Skihopping under Vinter-OL 1964 – Normalbakke, Skihopping under Vinter-OL 1964 – Stor bakke, Skihopping under Vinter-OL 1968 – Normalbakke, Skihopping under Vinter-OL 1968 – Stor bakke

Utmerkingar

Banner der Arbeit

Dieter Neuendorf (7. juli 194021. mai 2021) var ein tysk skihoppar frå Ruhla i Thüringen og som representerte Aust-Tyskland. Han fekk sølvmedaljen under i normalbakken under ski-VM 1966, dessutan vann han Holmenkollrennet i 1965 og gjekk til topps i tre ulike renn i den tysk-austerrikske hoppveka.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Neuendorf deltok i vinter-OL 1964 og kom på femteplass i normalbakken, medan han vart nummer åtte i storbakken. I 1965 vann Neuendorf Holmenkollrennet 1,2 poeng framom Lars Grini, som sette bakkerekord med 89,5 meter. Tidlegare i same sesongen vart Neuendorf nummer tre i Lahti, bakom vinnaren Torgeir Brandtzæg og Bjørn Wirkola.

Neuendorf deltok i den tysk-austerrikske hoppveka 1965/66 og vart nummer to, med 866,5 poeng mangla han tre poeng samanlikna med vinnaren, Veikko Kankkonen frå Finland. Neuendorf vann rennet i Innsbruck og sikra seg to andre pallplasseringar. Under VM 1966 i Oslo tok han sølvmedaljen i normalbakkerennet. Då var han den einaste som gav Bjørn Wirkola reell kamp om VM-tittelen. I storbakken vart han nummer 18.

Neuendorf vann opningsrennet i hoppveka 1966/67 og vart til sist nummer tre i hoppveka, den gongen då Bjørn Wirkola sikra seg sin fyrste hoppveketriumf etter å ha vunne dei tre siste renna i hoppveka. Også året etter vann Neuendorf opningsrennet i Oberstdorf og han vart nummer tre samanlagt, knapt tre poeng bak Jiří Raška, men heller langt bak hoppvekevinnaren Wirkola. Seinare i 1968 vart han nummer sju i normalbakken og 15 i storbakken under vinter-OL i Grenoble.

Han vart austtysk meister i begge bakketypane i 1965, samt i normalbakken i 1967. I 1971 la han opp som aktiv hoppar og var sidan hopptrenar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]