Differensiasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Differensiasjon er ei utvikling i talemålet der skilnaden mellom to nabolydar (meir presist fonem) blir gjort større. I sørvestlandske talemål er det svært vanleg at konsonantsambandet rn har blitt til dn og rl til dl. Døme på dette er bjødn (av norrønt bjǫrn), og kadl (av norrønt karl). Andre døme er badn (norrønt barn), bådn (norrønt bǫrn), kådn (norrønt korn). Ein annan type differensiasjon er jabn av norrønt jafn.

Differensiasjon er det motsette av assimilasjon, der to lydar (fonem) blir meir like.

Differensiasjonar og segmentasjonar er eit trekk sørvestlandsk og delvis midlandsk har til felles med færøyisk og islandsk.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Skjekkeland 1997, Martin Skjekkeland, Dei norske dialektane - Tradisjonelle særdrag i jamføring med skriftmåla. Kristiansand S. ISBN 82-7634-103-9

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Skjekkeland 1997, s. 88.