Different World av Iron Maiden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Different World
Singel av Iron Maiden
frå albumet A Matter of Life and Death
B-side

US CD-singel
«Hallowed Be Thy Name (Radio 1 Legends Session)», «The Trooper (Radio 1 Legends Session)»
Europeisk CD-singel
«Iron Maiden (live)»
Europeisk DVD-singel
«The Reincarnation of Benjamin Breeg (live)», «Hocus Pocus» (Focus-song)
European 7" biletplate
«Fear of the Dark» (live)

Utgjeve 14. november 2006 (USA)
26. desember 2006 (UK)
Innspelt Sarm West Studios, London in 2006
Sjanger Heavy metal
Lengd 4:15[1]
Selskap EMI / Sanctuary Records
Komponist Steve Harris
Tekstforfattar Steve Harris
Låtskrivar(ar) Adrian Smith, Steve Harris
Produsent Kevin Shirley
Iron Maiden-kronologi 
«The Reincarnation of Benjamin Breeg»
(2006)
Different World «El Dorado»
(2010)


«Different World» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden frå albumet A Matter of Life and Death. Det vart gjeve ut som den andre singelen frå albumet, og den 35. singelen totalt. Singelen kom ut 14. november 2006 i USA og 26. desember 2006 i Europa. Songen har blitt omtalt som ei hyllest til Thin Lizzy på grunn av vokalen av Bruce Dickinson som minnar om vokallinjer som Phil Lynott song. Songen vart spelt først på alle konsertane til bandet på A Matter of Life and Death Tour.

Gitarsoloen på «Different World» vert spelt av Adrian Smith.

Songen vert nytta i videospelet Tony Hawk's Downhill Jam.

Det kvinnelege hyllestbandet The Iron Maidens spelt ein akustisk versjon av songen på EPen The Root of All Evil i 2006.

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Det vart laga to musikkvideoar til «Different World». Den første er ein dataanimert video med Dickinson.[2] Den andre versjonen syner bandet som spelar songen i studio 1 i Sarm Studios i Vest-London. Delar av denne videoen var med i den første versjonen.[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Amerikansk CD-singel
  1. «Different World» (Adrian Smith, Steve Harris) – 4:15
  2. «Hallowed Be Thy Name (Radio 1 'Legends' Session)" (Harris) – 7:13
  3. «The Trooper (Radio 1 'Legends' Session)" (Harris) – 3:56
Digital singel

Intervjuet med Steve Harris var berre tilgjengeleg om ein førehandsbestilte singelen før 26. desember 2006 gjennom nettsida til Iron Maiden.

  1. «Different World» (Recorded live in Aalborg on the A Matter of Life and Death tour, 9. november 2006) (Smith, Harris) – 4:15
  2. Interview with Steve Harris on A Matter of Life and Death – 10:38
Europeisk CD-singel
  1. «Different World» (Smith, Harris) – 4:15
  2. «Iron Maiden» (Recorded live in Copenhagen on the A Matter of Life and Death tour, 10. november 2006) (Harris) – 5:40
Europeisk DVD-singel
  1. «Different World» (Smith, Harris) – 4:17
  2. «The Reincarnation of Benjamin Breeg» (konsertopptak frå København under A Matter of Life and Death-turneen, 10. november 2006) (Dave Murray, Harris) – 7:47
  3. «Hocus Pocus» (Thijs van Leer, Jan Akkerman; Focus-song) – 5:31
Europeisk 7" biletplate
  1. «Different World» (Smith, Harris) – 4:15
  2. «Fear of the Dark» (Recorded live in Copenhagen on the A Matter of Life and Death tour, 10. november 2006) (Harris) – 7:47

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Henta frå CD-omslaget:[1]

Iron Maiden
Produksjon

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2006) Plassering
Irish Singles Chart 39[4]
Den tyske singellista 40[5]
Liste (2007) Plassering
Den finske singellista 1[6]
Den franske singellista 99[7]
Den italienske singellista 3[8]
Sverigetopplistan 52[9]
UK Singles Chart 3[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Wildest Dreams» CD Single. Iron Maiden. EMI. 26 December 2003. 
  2. YouTube - Iron Maiden - Different World (Animated Version)
  3. YouTube - Iron Maiden - Different World
  4. «Diskografi Iron Maiden». IRMA. Irish-charts.com. Henta 2. september 2016. 
  5. «Iron Maiden Single-Chartverfolgung». Media Control Charts. Musicline.de. Arkivert frå originalen 17. oktober 2012. Henta 2. september 2016. 
  6. «Diskografi Iron Maiden». Den finske albumlista. Finnishcharts.com. Henta 2. september 2016. 
  7. «Discographie Iron Maiden». SNEP (på fransk). Lescharts.com. Henta 2. september 2016. 
  8. «Iron Maiden songs». FIMI. Italiancharts.com. Henta 2. september 2016. 
  9. «Iron Maiden - 'Different World'». Sverigetopplistan. Swedishcharts.com. Henta 1. september 2016. 
  10. «Top 40 Official Singles Chart UK Archive 6. januar 2007». Official Charts Company. Henta 18 March 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]