Diffus i fysikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Diffus er eit omgrep i fysikk om noko som er utflytande, dårleg avgrensa eller uklårt.

Diffus lyd er lyd som er spreidd eller reflektert uregelmessig. Det er eit vilkår for god romakustikk at lyden vert diffus. Dette oppnår ein når veggane vert brotne av framspring, søyler, nisjar og liknande.

Omgrepet vert òg nytta ved diffus refleksjon om tilbakekasting ljos- og varmestråler i alle retningar, til dømes frå ei matt, finkorna flate.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]