Digermulen kyrkje
| Digermulen kyrkje | |||
| kyrkje | |||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
|---|---|---|---|
| Bispedøme | Sør-Hålogaland | ||
| Prosti | Lofoten | ||
| Sokn | Svolvær | ||
| Fellesråd | Vågan | ||
| Arkitekt | Nygaard og Schyberg | ||
| Material | Betong | ||
| Innvigd | 24. juni 1951, 5. søn. e. trefoldigheit | ||
| Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
| Sitjeplassar | 250 | ||
![]() Digermulen kyrkje 68°18′44″N 14°59′06″E / 68.3122°N 14.9849°E | |||
| Wikimedia Commons: Digermulen kirke | |||
Digermulen kyrkje ligg på Digermulen i Vågan kommune i Nordland, i Lofoten prosti. Kyrkja er ei åttekanta kyrkje i betong. Ho vart vigsla 24. juni 1951 og har 250 plassar.
Arbeidet med å få bygd ei kyrkje i Austre Vågan starta så tidleg som i 1900. Vågan kommune hadde likevel dårleg økonomi, og det gjekk lang tid før ideen kunne realiserast. I november 1941 gav professor Ewald Bosse og kona hans 30 000 kroner til bygging av ei lita kyrkje ein stad i Hålogaland. Biskop Wollert Krohn-Hansen i Hålogaland bispedømme vart einig med prost Kristen Skjeseth i Vågan om å bruke pengane til å byggje ei kyrkje i Digermulen. Bygginga av kyrkja kom likevel ikkje i gang før i juli 1950.
Treskurden på preikestolen og rundt altartavla, og den utskorne døypefonten i kleberstein, er gjord av Iver Hølmo (1910-1954) frå Vågå. Han skar i 1953 òg interiøret til Røssvoll kyrkje.
Andre kyrkjer i Vågan
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Årbok for Vågan 2001: Digermulen kirke 50 år Arkivert 2007-03-30 ved Wayback Machine. (pdf-fil)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Digermulen kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
