Digital Radio Mondiale

From Wikipedia
Jump to navigation Jump to search

Digital Radio Mondiale (DRM) er ein ny standard for digital radio for frekvensområdet under 30 MHz, men det vert arbeidd med å utvida området opp til 120 MHz. Standarden vart utarbeidd i eit samarbeid mellom DRM Consortium og The International Telecommunication Union (ITU). DRM nyttar ei kanalbandbreidd på 9 - 10 kHz, men kan tilpassast kanalbandbreidder ned til 4,5 kHz eller opp til 20 kHz. Avgrensinga i bandbreidd fører til ein etter måten låg bitrate, noko som i sin tur fører til avgrensingar i lydkvaliteten, som er noko betre enn AM-radio, men ikkje fullt på høgd med FM-radio. DRM er fyrst og fremst mynta på å sende tale over store avstandar og dekkje store geografiske område. I tillegg til tale kan DRM nyttast for å overføra tekst og binær data. DRM nyttar same type modulasjon, COFDM, som DAB.

Bakgrunnsstoff[edit | edit source]