Digital postkasse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein digital postkasse vert brukt av det offentlege Noreg for å kommunisere digitalt med privatpersonar og med næringslivet. Informasjon og meldingar vert då krypterte (ende-til-ende-kryptering) og sende til ein digital postkasse på ein måte som er sikra mot innsyn. Innbyggjarane kan reservere seg mot å få post digitalt og fortsetje å få post frå det offentlege på papir.

I Noreg kan innbyggjarane velje mellom to postkassar: «Digipost» frå Posten Norge AS og «e-Boks» frå Nets og Post Danmark. Postkassane er likestilte og tilfredsstiller strenge krav til sikkerheit. Brukarane kan velje mellom nynorsk, bokmål eller engelsk brukargrensesnitt.

Det offentlege informerer innbyggjarane om digital postkasse på nettstaden Noreg.no.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]