Digitalarkivet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Digitalarkivet er ein nettstad for publisering av av digitaliserte, søkbare kjelder frå det norske Arkivverket. Tenesta er gratis og kan nyttast av alle. Der finn ein digitaliserte versjonar av dei landsdekkande folketeljingane for 1801, 1865, 1900 og 1910, i tillegg til mellom anna emigrantdatabasar. Nettstaden vart opna i 1998.

På nettstaden får ein (juni 2012) tilgang til 12 937 avfotograferte (2,5 millionar doble sider) kyrkjebøker, og 15 473 (7,6 millionar sider) med panteregister og pantebøker.[1] Ein finn også avfotograferte skifteprotokollar, tingbøker og skattelsitar. I 2011 vart det lasta ned 225,8 millionar sider frå Digitalarkivet.

Digitalpensjonatet, som er del av digitalarkivet, er eit tilbod om gratis lagringsplass og visningsverkty for samarbeidspartnarar. Gjestene i Digitalpensjonatet har alle rettane til sitt eige materiale, og har samstundes ansvar for kvalitetssikring av innhaldet.

Statsarkivaren i Bergen har redaksjonsansvar for Digitalarkivet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]