Digitale lærevanskar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Digitale lærevanskar er eit omgrep som blir nytta om problematiske sider ved den aukande bruken av digitale læremiddel i utdanninga. Det blir hevda at elevar og studentar les meir overflatisk på ein skjerm enn i ei bok.

Anne Mangen ved Universitetet i Stavanger har forska på bruken av digitale læremiddel i fleire år, og ho peikar mellom anna på følgjande negative sider ved å bruka digitale tekstar, også kalla hypertekst, framfor trykte tekstar i bokform:

  • Ei bok er meir fysisk nærverande, vi kan ta på ho og vi veit intuitivt kvar vi er i teksten. Derimot har vi eit fjernare forhold til den digitale teksten, som er «inne i pc-en ein stad». Vi kan berre nå teksten via datamus eller tastatur, og vi har mykje lettare for å gå oss vill i den digitale teksten.
  • Fleire studiar syner at vi les meir overflatisk på ein skjerm enn i ei bok. Vi «skannar» teksten, og dette gjer oss mottakelege for distraksjonar. Hyperteksten gjer det råd å klikka seg bort, og vi må stadig gjera eit aktivt val: skal vi klikka oss vidare eller ikkje. Dette svekkjer konsentrasjonen og innlevinga i teksten.
  • Studiar syner at det å skriva for hand aktiverer einskilde område i hjernen sterkare enn bruk av tastatur, og dette er område som er sentrale for språkbruken. Rørsla med handa når ein skriv let etter seg eit minne som gjer det lettare å kjenna att bokstavane når vi skal lesa. Denne sansemotoriske sida ved lesing og skriving har blitt oversett, meiner Mangen.

Ein annan som har åtvara mot den aukande bruken av digitale læremiddel er Nicholas Carr med boka The Shallows. Han hevdar at vi står i fare for å missa den viktige evna til konsentrasjon og djupare tenking.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]