Dikesoldogg
Dikesoldogg | ||
| ||
Systematikk | ||
Rike: | Plantae | |
Rekkje: | Magnoliophyta | |
Orden: | Lamiales | |
Familie: | Soldoggfamilien | |
Slekt: | Drosera | |
Art: | D. intermedia | |
Vitskapleg namn | ||
Drosera intermedia |
Dikesoldogg (Drosera intermedia) er ein plante i soldoggfamilien.
Utsjånad[endre | endre wikiteksten]
Dikesoldogg har korte avlange bladplatar i rosett og med kjertelhår som skil ut eit vassklart enzym som lokkar til seg insekt som vert brotne ned når dei set seg fast på blada. Bladskafta er utan hår, blomsterstandskaftet bøyer seg litt ut frå bladrosetten og er jamlangt med eller litt lenger enn blada i rosetten. 3-7 blomstrar med 4-5 mm lange kronblad.
Dikesoldoggen har stort utbreiingsområde i Europa, Tyrkia, Kaukasus, austre och sentrala Nordamerika, vestra Sør-Amerika, Brasil og Vestindia. I Skandinavia er arten ganske vanleg sør i Sverige opp til Östergötland, sjeldnare opp til Ångermanland. I Noreg veks han spreidd på Austlandet nord til Løten , Gran på Hadeland og Sigdal, og på Vestlandet nord til Fræna.
Soldogg veks på flarkar og blaut myr i tjørnkantar.
Hybrider[endre | endre wikiteksten]
Dikesoldogg dannar hybrid med rundsoldogg (D. rotundifolia), og desse har fått det vitskaplege namnet Drosera ×beleziana E.G.Camus.
Synonym[endre | endre wikiteksten]
- Drosera americana Willd.
- Drosera foliosa Elliott
- Drosera longifolia L. (1754), inte L. (1753)
- Drosera media E.H.L.Krause
- Rorella intermedia (Hayne) Nieuwl.
Kjelder:[endre | endre wikiteksten]
- Johannes Lid Norsk flora Det Norske Samlaget 2004 ISBN 82-521-6029-8
- Svensk wikipedia (utbreiing, hybrid)
Sjå òg:[endre | endre wikiteksten]
- Smalsoldogg Drosera longifolia
- Rundsoldogg Drosera rotundifolia