Diksonøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dikson og Dudinka

Diksonøya (russisk Ди́ксон), opphavleg Dickson, er namnet på ei øy i Krasnojarsk kraj i Russland. Ho ligg i Karahavet nær munningen av Jenisej. Ved kysten ligg ein liten bustnad kalla Dikson med ei lita hamn og ein vêrstasjon. Her ligg òg Dikson lufthamn.

Diksonskij distrikt dekkjer eit område på 200,419 km² og hadde i 2004 rundt 1100 innbyggjarar.

Dikson er ei anløpshamn langs Nordaustpassasjen frå Murmansk til Beringhavet. Han ligg berre to timar med fly frå Nordpolen.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Kart over Dikson

Dikson har eit hardt arktisk klima. Vêret (sjølv i august) kan vere ubehagleg. Vintarane i Dikson varer i ti månader, og i to av desse månadene er det mørketid.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sovjetisk frimerke som markerer 50-årsjubileumet for opprettinga av busetjinga Dikson frå 1965

Dikson og dei omliggande områda er kalla opp etter den svenske polarpioneren baron Oscar Dickson. På 1600-talet vart øya kalla Dolgyøya («Langøya») eller Kuzkin etter oppdagarane frå Pomor. I 1875 kalla den svenske utforskaren Adolf Erik Nordenskiöld øya opp etter den rike svenske kjøpmannen og filantropen Oskar Dickson, som hadde skotsk opphav. Namnet vart raskt russifisert ved at bokstaven «c» vart fjerna. Dikson har vore det offisielle namnet på øya sidan 1884. Oscar Dickson, i lag med Aleksandr Mikhajlovitsj Sibirjakov, hadde støtta fleire polarekspedisjonar på 1800-talet, inkludert Adolf Erik Nordenskiöld sin russiske polarekspedisjon.

I 1915 vart den første russiske radiostasjonen i Arktis oppretta på øya. Hamna på fastlandet vart bygd i 1935, og i 1956 hadde dei to busetjingane der vokse saman til ein.

Under den andre verdskrigen vart busetjinga bombardert av den tyske kryssaren «Admiral Scheer» i august 1942 under Operasjon Wunderland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 73°30′N 80°32′E