Hopp til innhald

Dikt.no

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dikt.no var ei vevside starta av Gunnar Roland Tjomlid der kjende og ukjende forfattarar kunne publisera tekstane sine.

Nettsida blei fram til februar 2008 drifta av SirCon, men etter dette overtok Dagbladet.no driftinga av nettstaden. Seinare kjøpte Tjomlid tilbake nettstaden. Dikt.no blei så lagt ned grunna manglande kapasitet til vidare vedlikehald.[1]

Medlemskap

[endre | endre wikiteksten]

Kven som helst kunne bli medlem på dikt.no, så lenge ein hadde minst ein tekst publisert. I februar 2008 hadde vevsida 5746 medlemmer. Det blei lagt vekt på at tekstane skal vera skrive av den forfattaren som publiserer teksten, for å unngå plagiat.

For å bli medlem måtte ein oppretta ein brukar-/forfattarkonto (med brukarnamn, passord, og mailadressa). Ein brukar/forfattar kunne velja å vera anonym. Som medlem/forfattar kunne ein legga inn tekstar, lesa andre sine tekstar og kommentera tekstar publisert av andre.

Ein kunne publisera kva som helst på dikt.no, med nokre få avgrensingar i regelverket (sjå under). Der fanst 18 sjangerkategoriar, der kategorien dikt er den største (og utgjer 77,46 % av dei publiserte tekstane). Dei andre sjangrane er: artikkel, essay, eventyr, forteljing, haiku, kortprosa, kåseri, limerick, manus, novelle, prosa, romanutdrag, songtekst, sonett, utkast, og visdomsord. I tillegg er der ein uspesifikk kategori kalla diverse.

Regelverket på dikt.no i hovudtrekk: Det er ikkje lov til å publisera tekstar som...

  • strider med norsk lov
  • er skrive av andre (plagiat)
  • er rasistiske
  • høver seg betre på diskusjonsforumet
  • heng ut og/eller sårar enkeltpersonar
  • er suicidale/forbunde med sjølvmord
  • er skrive for å øydelegga

(Henta frå regelverket på dikt.no)

  1. «Om meg», Saksynt (på norsk), 4. desember 2023, henta 11. mars 2026