Kunstnarløn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Diktargasje)
Hopp til navigering Hopp til søk

Kunstnarløn (Statens kunstnarløn) var ein årleg pengesum staten ytte norske kunstnarar for framifrå kunstnarleg arbeid.

Den første som fekk kunstnarløn var Bjørnstjerne Bjørnson i 1863, då heitte det diktargasje. Same året avslo Stortinget søknaden frå Henrik Ibsen, men han og fekk kunstnarløn frå 1866.

Det vart ofte eit skikkeleg rabalder rundt tildelingane av kunstnarløn, best kjend er den såkalla Kiellandsaka 1885-1887 om kunstnarløn til Alexander Kielland og kampen om kunstnarløn til Arnulf Øverland i 1938.

Ordninga med kunstnarløn vart oppheva i 1962 og erstatta av ei ordning med kunstnarstipend og arbeidsstipend.