Diktkammeret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Diktkammeret er ein nettstad og eit forum på Internett for diktskriving.

Det starta i februar i 2001 som ein del av Dagbladet si litteratursatsing og vart raskt eit populært tilbod til dei som var opptekne av å skrive dikt. Gjennom åra Diktkammeret har eksistert har månadens poet blitt kåra av ein fast jury.

Diktkammeret har også ein etablert poet som har fungert som diktlærar og med jamne mellomrom kommenterer dikta som blir lagde ut. Helge Torvund har fungert som diktlærar med nokre avbrot sidan oppstarten. Det er verd å merke seg at mange av deltakarane på Diktkammeret har debutert med bok i løpet av åra kammeret har eksistert.

Sidan 1. april 2015 har Diktkammeret fungert gjennom folkefinansiering, utan støtte fra Dagbladet, og frå 1. september 2015 som ein sjølvstendig nettstad på diktkammeret.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]