Dilatans
Utsjånad
Dilatans (av latinsk for «å utvide») er ein eigenskap i somme konsentrerte dispersjonar av faste partiklar i ei væske, som til dømes sand i vatn, som gjer at viskositeten aukar med aukande flytesnøggleik. Dette kjem av at partiklane aktivt må presse kvarandre til side for å kome forbi kvarandre i flyteprosessen, slik at partikkelmassen utvidar seg. Dette fører igjen til at væska vert trekt innover i massen og etterlet ei tørrare overflate. Dette kan ein observere når ein går eller sparkar i fuktig sand og vart først studert av Osborne Reynolds i 1885.
Dilatans er eit teknisk viktig fenomen i samband med handsaming av konsentrerte dispersjonar av mange slag.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «dilatans» i Store norske leksikon, snl.no.