Dimling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dimling bind saman stokkane i lafta bygg

Dimlingar (dømling, dymling, dybel, duvlung, dublung, lus, blinding ) er skjulte trenaglar som vert brukte til å avstive stokkar i lafta hus. Dei skal hindre at stokkane forskyv seg sidevegs i veggen. Nemningane vert også brukte om naglane som held saman botnstavane i eit lagga kar.

Ved lafting vert bora hol med 30-35 mm bor eller navar i to stokkar som skal ligge saman i veggen. Holet går 8 - 10 cm. ned i den underste stokken og opp i den øvste. Ein åttekanta trenagle vert driven ned i nedste holet. Når overstokken vert sett på plass, vert den driven ned over naglen.

På lange veggar er det fleire dimlingar. Det er nødvendig med dimlingar på båe sider av ein skøyt. I gavltrekanten på hus med sperre tak er det berre dimlingar som held stokkane på plass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]