Dimna Idrettslag
Utsjånad
(Omdirigert frå Dimna IL)
| Dimna Idrettslag | |||
| Skipa | 3. desember 1974 | ||
|---|---|---|---|
| Land | Noreg | ||
| By | Ulstein | ||
Dimna Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande i Ulstein kommune på Sunnmøre. Laget vart stifta 3. desember 1974[1] av folk frå øya Dimna. I dag har laget aktivitetar på Dimna grendahus, Høddvoll stadion og Ulsteinhallen.[1] I 2023 hadde Dimna IL 299 medlemer, av dei om lag 150 aktive. Utøvarane tevlar i grøne trøyer og svarte bukser.
Dimnas mest kjende utøvar er Karsten Warholm; olympiameister, verdsmeister, europameister, noregsmeister og verdsrekordhaldar på 400 meter hekk.[2] Også Lovise Skarbøvik Andresen har vorte norsk meister.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «Om oss», Dimna IL (på norsk), henta 14. juni 2025
- ↑ «"Ulsteinvik springer i fra resten av verden"» (på norsk). Visit Ulstein. Henta 3. august 2021.
- Om oss ved dimna.no