Dinamo Tbilisi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Georgisk frimerke frå 2002 som syner vinnarlaget frå Cupvinnarcupen 1981

Dinamo Tblisi (georgisk: დინამო თბილისი) er ein georgisk fotballklubb frå Tbilisi og den førverande Sovjetunionen. Klubben, som vart grunnlagd i 1925, vann Cupvinnarcupen i 1981.

Dinamo Tblisi spelar heimekampane sine på Boris Pajsjadze-stadion, oppkalla etter klubbspelaren Pajsjadze (1915-1990). Stadion, som vart opna i 1976, har i dag plass til 54 549 tilskodarar, men både under europacupkampen mellom Dinamo og Liverpool FC (3-0) hausten 1979 og landskampen Georgia - Tyskland i mars 1995 skal 110 000 menneske ha vore til stades på tribunane.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av Cupvinnarcupen: 1981
  • Seriemeister i Sovjetunionen (2): 1964 og 1978
  • Cupmeister i Sovjetunionen (2): 1976 og 1979
  • Seriemeister i Georgia (19): 1990, 1991, 1992, 1993, 1994, 1995, 1996, 1997, 1998, 1999, 2003, 2005, 2008, 2013, 2014, 2016, 2019, 2020, 2022
  • Cupmeister i Georgia (12): 1992, 1993, 1994, 1995, 1996, 1997, 2003, 2004, 2009, 2013, 2014, 2015

Kjelder[endre | endre wikiteksten]