Dingjaelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dingjaelva
elv
Gulen.2 068.jpg
Dingjaelva
Foto: Bjarne Thune
Land Flag of Norway.svg Noreg
Nedslagsfelt 28,0 km²
Lengd 0,5 km
Middelvassføring 2,55 /s
Kjelde Dingevatnet
 - høgd 26 moh.
Munning Dingevågen
 - høgd moh.

Dingjaelva er ei elv i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Ho er 0,5 km lang, og renn frå Dingevatnet (26 moh) til munning i Dingevågen ved bygda Dingja. Elva er den nedste delen av Dingjavassdraget, som er 11,1 km langt, med eit nedbørfelt28,0 km².[1] Middelvassføringa ved munningen er 2,55 m³/s.[1]

Elva har kjeldene sine i Bjørndalen, som ligg på den sørlegaste delen av Brossviksåta, og renn først mot vest til Risestølsvatnet. Her snur elva mot nord, og renn langs vestsida av Brossviksåta. Den renn gjennom Stølsvatnet (376 moh) og fortset nordover gjennom det tronge Tjørndalsgjelet ned til Brossvikvatnet. Mellom Brossvikvatnet og Dingevatnet renn den korte Eikedalselva mot vest, før vassdraget blir avslutta av sjølve Dingjaelva.

Dingjavassdraget ligg lågt og er prega av nærleiken til kysten. Det ligg i den smale kystsona kor plantelivet er dominert av oseaniske plantearter. Ein betydeleg del av nedbørfeltet er kledd med furuskog, og vassdraget er elles dominert av dei to store og djupe låglandsinnsjøane Dingevatnet og Brossvikvatnet, som begge har surt vann og er påverka av humus.[2]

Dingjaelva vart verna mot kraftutbyggjing gjennom Verneplan IV for vassdrag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 NVE Atlas, Norges vassdrags- og energidirektorat
  2. Jon Arne Eie, Per Einar Fauli, Jens Aabel: Elver og vann. Vern av norske vassdrag, Grøndahl og Dreyer, Oslo 1996, ISBN 82-504-2241-4

Koordinatar: 61°01′23″N 05°03′14″E