Dinglavatnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dinglavatnet
innsjø
Dinglavatnet sett frå råsa opp til Melshornet
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommunar Volda, Ørsta
Høgd over havet 536 moh.
Areal 0,14 km²
Kystlengd1 1,90 km
Kart
Dinglavatnet
62°10′11″N 6°07′46″E / 62.16973°N 6.12955°E / 62.16973; 6.12955
Wikimedia Commons: Dinglavatnet
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Dinglavatnet er eit vatn som ligg på grensa mellom Volda kommune og Ørsta kommune i Møre og Romsdal.

Dinglavatnet ligg nedanfor det 807 m høge Melshornet. Frå Volda kjem ein lettast til Dinglavatnet etter ein ca 3,2 km lang bomveg, stengt for vanleg biltrafikk, med start frå dei øvre byggefelta i Volda sentrum. Frå Ørsta startar ein oppom byggefeltet Rystefeltet, og går opp Osdalen. Frå Dinglavatnet er det ein knapp kilometer flat rås bort til Vardehornet, 595 moh. Frå Dinglavatnet er det om lag 1,5 km etter råsa opp på Melshornet.

Dinglavatnet er eit populært tur/trimmål sommar som vinter. Særleg for dei som bur i Volda sentrum er dette ein grei tur oppover bomvegen.

Dinglavatnet er drikkevasskjelda til Volda sentrum.