Dingle Bay

Koordinatar: 52°04′N 10°11′W / 52.067°N 10.183°W / 52.067; -10.183
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plasseringa til Dingle Bay

Dingle Bay er ei bukt vest på Irland i County Kerry. Bukta er om lag 40 km lang frå nordaust til sørvest og peikar ut mot Atlanterhavet. Ho er om lag 3 km brei i botn og 20 km brei ved inngangen. Nord for bukta ligg Dinglehalvøya og i sør ligg halvøya Iveragh. Elva Maine munnar ut i botn av bukta.

Det er ingen større øyar i bukta, men i botn ligg fleire halvøyar, særleg Inch Strand, som tar opp ein god del av dei indre områda.

Hamnebyen Dingle ligg på nordsida av bukta.


Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

52°04′N 10°11′W / 52.067°N 10.183°W / 52.067; -10.183