Dinkelsbühl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flyfoto av Dinkelsbühl

Dinkelsbühl er ein by i Landkreis Ansbach i delstaten Bayern i Tyskland med ikring 11 800 ibuarar. Byen ligg i landskapet Franken ved elva Wörnitz, 442 meter over havet.

Dinkelsbühl er særleg kjend for den godt bevarte gamlebyen frå sein-mellomalderen, eit ynda turistmål. Byen er ein av tre tyske byar, Nördlingen og Rothenburg ob der Tauber dei andre, der heile bymuren står att.

Stefan Reuter er frå Dinkelsbühl.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]