Dino Baggio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dino Baggio
KL-2018 (16) (cropped).jpg
Fødd 24. juli 1971 (47 år)
Camposampiero i Italia
Høgd 188 cm
Posisjon Midtbane
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1989-91
1991-92
1992-94
1994-00
2000-05
2003
2004
2005
2008-09
Torino
Inter (lån)
Juventus
Parma
Lazio
Blackburn
Ancona (lån)
Triestina
AC Tombolo
28 (2)
27 (1)
49 (1)
172 (19)
44 (1)
9 (1)
9 (1)
13 (0)
1 (0)
Landslag
1991-99 Italia 60 (7)

Klubbkampar og mål i nasjonal liga .

Dino Baggio (fødd 24. juli 1971) er ein italiensk tidlegare fotballspelar frå Camposampiero i Veneto-regionen. Baggio var med på å vinne UEFA-cupen tre gongar, ein gong med Juventus og to gongar med Parma FC. I tida 1991 til -99 spelte han 60 landskampar for Italia, høgdepunktet kom då han og landslaget vann VM-sølv i 1994. Han var kjend som ein taklingssterk, defensiv midtbanespelar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Våren 1990 debuterte Baggio for Torino, som då var i ferd med å rykke opp frå Serie B. Han spelte for klubben i Serie A i 1990/91-sesongen, den neste sesongen spelte han for Inter. Frå sommaren 1992 spelte han for Juventus i to sesongar, den fyrste av dei to sesongane vart avslutta med siger i UEFA-cupen.

Sine beste år som fotballspelar hadde han i Parma FC. Gjennom seks sesongar fekk han med seg to triumfar i UEFA-cupen, 1995 og 1999, i 1999 vart det også nasjonalt cupgull. Ferda gjekk i 2000 vidare til SS Lazio der han spelte i tre sesongar. Etter minimalt med speletid i den siste sesongen, reiste han sommaren 2003 til den engelske klubben Blackburn Rovers. Halvvegs i fyrste sesongen flytta han tilbake til heimlandet, der han fullførte siste halvdel av 2004-sesongen med AC Ancona. Sommaren 2005 gjekk han til US Triestina i Serie B, men braut kontrakta etter tre seriekampar og la fotballskoa på hylla, etter ein konflikt med trenaren Pietro Vierchowod.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Baggio debuterte på Italia sitt landslag den 21. desember 1991, då det i ein EM-kvalifiseringskamp vart heimesiger 2-0 over Kypros. I 1992 var han sentral då Italia vann EM for ungdomslandslag, og han spelte same året på OL-laget under sommarleikane i Barcelona. Gjennom 1993 skåra han tre mål for Italia i kvalifiseringskampar til VM 1994. Under sjølve VM-sluttspelet i USA skåra han kampens einaste mål då Italia slo Noreg 1-0 i gruppespelet, og han gav Italia leiinga i kvartfinalen mot Spania, der namnebror Roberto Baggio vart kampvinnar med sitt 2-1-mål like før slutt. I finalen mot Brasil vart Dino Baggio bytta ut i det 95. minutt, Italia tapte kampen etter straffesparktevling. Han var med til EM 1996 i England, men spelte berre ein kamp. Derimot spelte han alle kampane då Italia tok seg til kvartfinalen i fotball-VM 1998. Han spelte sin 60. og siste landskamp i Lecce i november 1999, der det vart 1-3-tap for Belgia. Alle dei sju landslagsmåla hans kom i åra 1993 og 1994.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • VM-sølv 1994 for Italia
  • Vinnar av UEFA-cupen 1993 med Juventus
  • Vinnar av UEFA-cupen 1995 og 1999 med AC Parma
  • Italiensk cupmeister 1999 med AC Parma

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]