Diodato

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Diodato

Fødd30. august 1981 (42 år)
FødestadAosta
AliasDiodato
OpphavItalia
Aktiv2007–
Sjangerpoprock
Verka somsongar-låtskrivar
Sambuar medLevante
PrisarFestival della Canzone Italiana di Sanremo

Antonio Diodato (fødd 30. august 1981), kjend som Diodato, er ein italiensk songar og låtskrivar. Han vann San Remo-festivalen 2020 med songen «Fai rumore» og skulle ha representert Italia i Eurovision Song Contest same år,[1][2][3] men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[4]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Diodato er fødd i Aosta, heilt nordvest i Italia mot grensene til Sveits og Frankrike. Han vaks derimot opp i Taranto i Puglia, heilt søraust i landet. Han byrja med song og musikk allereie som barn og byrja etter kvart å skrive eigne låtar.[5][6][7]

Diodato har late seg inspirere av artistar som Pink Floyd, Fabrizio De André, Luigi Tenco, Domenico Modugno og Radiohead. Etter å ha budd i Roma nokre år, deltok han på låtskrivarleir i Stockholm, der han blant anna jobba med dei svenske DJ-ane Sebastian Ingrosso og Steve Angello frå Swedish House Mafia. Tilbake i Italia vart han uteksaminert innan film, tv og nye medium ved Università degli Studi Roma Tre.[8]

I 2007 gav Diodato ut ein eigenprodusert EP, og i 2010 spela han inn singelen «Ancora un brivido».[9] Han fekk platekontrakt, og i 2013 gav han ut debutalbumet E forse sono pazzo, som fekk gode kritikkar av italiensk presse.[8][10]

I desember 2013 deltok Diodato i nykommartevlinga føre San Remo-festivalen 2014, og han kvalifiserte seg til tevlinga i 2014. Der enda han på andreplass.

I juni 2014 vann Diodato MTV Italia Award i kategorien «Best New Generation» og opptredde under prisutdelinga. 27. oktober 2014 vart det andre albumet hans, A ritrovar bellezza, gjeve ut.[11] Sidan har han gjeve ut fleire album og singelar, blant andre «Mi si scioglie la bocca». Låten var hovudsporet på hans tredje album, Cosa siamo diventati, som vart utgjeve 27. januar 2017 på Carosello Records.

I 2018 deltok Diodato på nytt i San Remo-festivalen med songen «Oren», saman med med trompetisten Roy Paci. Låten enda på åttandeplass.[12] I 2019 debuterte han som skodespelar i filmen Un'avventura (Eit eventyr).

I 2020 deltok Diodato i San Remo-festivalen for tredje gong, denne gongen med songen «Fai rumore» ('lag støy').[13] Han vann festivalen, og gjennom sigeren fekk han òg moglegheita til å representere Italia i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland.[14][15] På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlysa Eurovision Song Contest for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen COVID-19.[16] Italia vart sjølv hardt råka av pandemien, og heile Italia vart sendt i karantene i midten av mars. Diodatos «Fai rumore» var ein av songane som italienarane song frå balkongane sine for å halde motet oppe under karantenen.[17][18]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

  • 2013 – E forse sono pazzo
  • 2014 – A ritrovar bellezza
  • 2017 – Cosa siamo diventati
  • 2020 – Che vita meravigliosa

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 2013 – «Ubriaco»
  • 2014 – «Babilonia»
  • 2014 – «Se solo avessi un altro»
  • 2014 – «Eternità»
  • 2015 – «Piove»
  • 2017 – «Mi si scioglie la bocca»
  • 2018 – «Adesso» (med Roy Paci)
  • 2018 – «Essere semplice»
  • 2019 – «Il commerciante»
  • 2019 – «Non ti amo più»
  • 2019 – «Che vita meravigliosa»
  • 2020 – «Fai rumore»

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

  • Un'avventura, regissert av Marco Danieli (2019)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Volpe, Maria (2. september 2020). «Diodato è il vincitore di Sanremo 2020» (på italiensk). Henta 9. februar 2020. 
  2. «I vincitori dei Premi Dalla, Bardotti, Bigazzi e TIMmusic a Sanremo 2020» (på italiensk). Henta 9. februar 2020. 
  3. «It’s official! Sanremo winner Diodato will represent Italy at Eurovision 2020 with “Fai rumore”». wiwibloggs.com. 9. februar 2020. Henta 10. februar 2020. 
  4. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  5. «Diodato al Festival di Sanremo 2014 categoria Nuove Proposte» (på italiensk). 23. januar 2014. Arkivert frå originalen 13. februar 2020. Henta 9. februar 2020. 
  6. https://www.ilsussidiario.net/redazione (19. februar 2014). «SANREMO 2014/ Chi è Diodato, in gara con la canzone "Babilonia"» (på italiensk). Henta 9. februar 2020. 
  7. «Biografia Diodato» (på italiensk). Henta 9. februar 2020. 
  8. 8,0 8,1 «Bio | diodatomusic.it» (på italiensk). Arkivert frå originalen 17. februar 2020. Henta 9. februar 2020. 
  9. «Big Time | DIODATO» (på italiensk). Henta 9. februar 2020. 
  10. Garbo, IlikePuglia-Vittoria. «Il tarantino Diodato a Sanremo, ricorda Taranto e l'Ilva». Arkivert frå originalen 4. august 2020. Henta 9. februar 2020. 
  11. «Diodato vince agli MTV Awards | diodatomusic.it» (på italiensk). Arkivert frå originalen 11. august 2014. Henta 9. februar 2020. 
  12. «Renzo Rubino vs Diodato: i nuovi Minghi e Mango? - INTERVISTA DOPPIA» (på italiensk). 12. februar 2018. Henta 9. februar 2020. 
  13. «Fai rumore, Diodato: la canzone di Sanremo 2020 sulla necessità di abbattere i muri dell'incomunicabilità». 7. februar 2020. Henta 9. februar 2020. 
  14. «Sanremo, Diodato dopo la vittoria vola all’Eurovision Song Contest» (på italiensk). Henta 9. februar 2020. 
  15. «Italy: Diodato wins Sanremo 2020!». eurovision.tv. 9. februar 2020. Henta 9. februar 2020. 
  16. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020. 
  17. «L'Italia fa rumore: dai balconi si canta la canzone vincitrice di Sanremo 2020» (på italiensk). Henta 21. mars 2020. 
  18. Kourouvanis, Fotis (15. mars 2020). «Italy: "Fai Rumore" on the streets because of the coronavirus» (på engelsk). Henta 21. mars 2020.