Antipodealbatross

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Diomedea antipodensis)
Antipodealbatross
Underarten D. a. gibsoni Foto: JJ Harrison
Underarten D. a. gibsoni
Foto: JJ Harrison
Status
Status i verda: EN Sterkt truga
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Albatrossfamilien Diomedeidae
Slekt: Diomedea
Art: Antipodealbatross D. antipodensis
Vitskapleg namn
Diomedea antipodensis

Antipodealbatross (Diomedea antipodensis) er ein albatrossart som hekkar på tre øygrupper i Sørishavet sør for New Zealand, dei fleste på Antipodeøyane, om lag 750 kilometer søraust for Sørøya på New Zealand. Bestanden er antatt minkande med færre enn ca. 50 000 modne individ.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Vaksen fugl av underarten D. a. gibsoni
Foto: JJ Harrison

Dette er massive albatrossar, 110 til 117 centimeter i kroppslengd og vengespenn på opptil 3,3 meter. Kroppsmassen er i området ca. 4,6 til 8,6 kilogram, hannar typisk eit kg meir enn hoer. Vaksne hannfuglar av nominatforma D. a. antipodensis i hekkedrakt har mørk, brunleg krone og flekker nedover nakken. Også oversida av vengene og halen er mørke, elles er fjørdrakta stort sett kvit. Modne hofuglar er langt mørkare, men med kvitt andlet og strupeområde, kvitt i buken og kvit vengeunderside. Underarten D. a. gibsoni er generelt langt lysare, har og kvitt på oversida av vengen og halen.[2] Begge kjønn har rosafarga nebb med hornfarga tupp. Dei manglar den mørke stripa langs nebbgapet som ein ser hos kongealbatross og Diomedea amsterdamensis.

D. antipodensis hekkar på tre øygrupper, Aucklandøyane, Antipodeøyane og Campbelløyane, 500 til 750 kilometer sør eller søraust for Sørøya på New Zealand. Dei fleste para av nominatforma hekkar på Antipodeøyane, og berre nokre få par på Campbelløyane. Dei beitar i Sørishavet og sørlege Stillehavet aust for New Zealand så lang aust som mot kysten av Chile. Populasjonen av D. a. gibsoni hekkar på Aucklandøyane. Dei beitar på havet vest for New Zealand, i Sørishavet sør for Australia og i Tasmanhavet.[2]

Egglegging skjer i perioden slutten av desember til tidleg i februar, og ungen er flygedyktig og flyg ut på havet etter rundt eit år. Etter typisk tre år kjem ungfuglane attende til hekkeplassen og får sin første unge tidlegast når dei er sju år gamle, nokre gongar først når dei er 12 år gamle.[1]

Status[endre | endre wikiteksten]

Mange autoritetar rangerer dette taksonet som ein underart av vandrealbatross, Diomedea exulans, altso som ein variant D. e. antipodensis av arten vandrealbatross. Birds of the World er ein av dei.[2] Andre som Verdas naturvernunion, IUCN, og International Ornithologists' Union[3] godtar taksonet som ein sjølvstendig art.

Populasjonen var estimert til 50 000 modne individ per 2016 ut frå eit kjent tal på hekkande par i eit år, 9050 par. Det er rekna ein nedgang på meir enn 50 % over tre generasjonar.

IUCN klassifiserer denne arten som sterkt truga (EN) på grunn av at bestanden minkar så snøgt. Trugsmåla mot arten er både bifangst og klimaendringar, særleg linefiske etter tunfisk. Tidlegare var innførte kattar og mus trugsmål og framleis kan grisar ta egg og ungar på Aucklandøyane.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 BirdLife International (2022) Species factsheet: Diomedea antipodensis Henta frå http://www.birdlife.org 20. februar 2021
  2. 2,0 2,1 2,2 del Hoyo, J., C. Carboneras, F. Jutglar, N. Collar, G. M. Kirwan, og E. F. J. Garcia (2020). Wandering Albatross (Diomedea exulans), version 1.0. I Birds of the World (S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, og T. S. Schulenberg, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.wanalb.01
  3. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (July 2021). «Sandpipers, snipes, coursers». IOC World Bird List Version 11.2. International Ornithologists' Union. Henta 20. februar 2022.