Beltealbatross

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Beltealbatross
Diomedea amsterdamensis Foto: Vincent Legendre
Diomedea amsterdamensis
Foto: Vincent Legendre
Status
Status i verda: EN Sterkt truga
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Albatrossfamilien Diomedeidae
Slekt: Diomedea
Art: Beltealbatross D. amsterdamensis
Vitskapleg namn
Diomedea amsterdamensis

Beltealbatross (Diomedea amsterdamensis) er ein albatrossart som høyrer til ein populasjon av berre 46 hekkande par og totalt ca. 170 individ. Dei hekkar på Amsterdamøya, midt i Indiahavet og meir enn 5000 kilometer aust for sørspissen av Afrika.[1]

Det har vore strid om rangeringa av dette taksonet og om verdien av datagrunnlaget som ligg til grunn for avgjersla om å rangere taksonet som ein art. Somme autoritetar, til dømes Birds of the World,[2] reknar taksonet som ein underart Diomedea exulans amsterdamensis av vandrealbatross, altso at dette berre er ein variant av arten vandrealbatross.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Vaksne beltealbatrossar i hekkedrakt har mørk, sjokoladebrun overside og kvit ansiktsmaske og strupeområde. Undersida er kvit med eit mørkt brystband. Denne drakta har òg unge vandrealbatrossar. Men beltealbatrossar har karakteristisk nebbdetaljar med mørk tupp og mørk nebbkant, noko som skil han frå vaksne vandrealbatrossar.[1] Generelt kan det vere umogleg å skilje han sikkert frå tristanalbatross, D. dabbenena, og frå Diomedea antipodensis, (Antipodean albatross), som begge kan ha mørk overside.

Morfologi og storleik er elles som for andre i slekta Diomedea. Beltealbatrossen er mindre enn vandrealbatross med vengspenn på ca. 300 cm mot opptil 350 for vandrealbatross, kroppslengda er 107–122 cm. Hannar har litt større kroppsmasse enn hoer, i gjennomsnitt 7 kg versus 6,1 kg.[2]

Beltealbatrossen hekkar utelukkande sentralt på Amsterdamøya. Øya er totalt 55 km², og hekkeområdet ligg på eit torvmyrplatå, ca 500-600 moh. Egglegging kan ta til i februar månad og ungen er flygedyktig og flyg ut på havet etter mindre enn eit år. Etter fire til sju år kjem ungfuglane attende til øya og får sin første unge tidlegast når dei er sju år gamle.[1] Utanom hekking, spreier desse albatrossane over havområdet mellom Sør-Afrika og sør for vestlege Australia, i eit belte mellom 30 og 42 °S.[2]

IUCN klassifiserer denne arten som sterkt truga (EN) på grunn av avgrensa hekkelokalitet og liten populasjon. Populasjonen har auka gradvis etter ein tidlegare minkande trend på 1970-talet. Dei største trugsmåla mot denne arten er smittsame sjukdomar og linefiske. Tidlegare storfedrift på Amsterdamøya er nedlagt og det er iverksett plan for utrydding av kattar, rotter og mus på øya.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 BirdLife International (2022) Species factsheet: Diomedea amsterdamensis Henta frå http://www.birdlife.org 13. februar 2021
  2. 2,0 2,1 2,2 del Hoyo, J., C. Carboneras, F. Jutglar, N. Collar, G. M. Kirwan, og E. F. J. Garcia (2020). Wandering Albatross (Diomedea exulans), version 1.0. I Birds of the World (S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, og T. S. Schulenberg, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.wanalb.01