Dionne Warwick

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dionne Warwick på 1970-talet.

Marie Dionne Warrick (fødd 12. desember 1940), kjend som Dionne Warwick, er ein USA-amerikansk songar og skodespelar som mellom anna er kjend for samarbeida sine med Burt Bacharach og Hal David.

Frå 1955 til 1999 hadde ho 56 hittar på Billboard si Hot 100-liste, noko berre Aretha Franklin har gjort betre.[1]

Dionne Warwick var fødd i East Orange i New Jersey. Ho byrja songkarrieren som gospelsonger i tenåra då ho song i koret til den lokale metodistkyrkja. Etter å ha fått jobb som backingsongar for The Drifters, blei ho oppdaget oav Burt Bacharach og Hal David. Dette blei byrjinga på eit årelangt samarbeid der Bacharach og David skreiv og produserte songar for henne. Ho hadde ei rekkje suksessar, mellom anna med «Walk on By» frå 1964. Seinare samarbeidde Warwick med Stevie Wonder, Isaac Hayes og syskenbarnet sitt Whitney Houston.

Songen «I'll Never Love This Way Again» gav Warwick ein Grammypris i 1980 for «Best Female Pop Vocal Performance».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Dionne Warwick
Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.