Dionysosteateret
| Dionysosteateret | |||
| | |||
| Stad | Athen kommune | ||
|---|---|---|---|
| Opna | 5. hundreåret f.Kr. | ||
| Stil | Gresk arkitektur | ||
![]() Dionysosteateret 37°58′13″N 23°43′40″E / 37.970404°N 23.727777°E | |||

Dionysosteateret like ved Akropolis i Aten var eit viktig friluftsteater i Hellas i antikken, og eit av dei tidlegast verna områda frå det klassiske Aten. Det vart brukt til festivalar til ære for guden Dionysos. Greske teater i oldtida var i mange tilfelle av enorme dimensjonar, men under ideelle tilhøve publikumsmessig og vêrmessig, var akustikken perfekt (målt med dagens instrument). Det er kjent at Dionysosteateret i Aten hadde plass til 17 000 tilskodarar, og teateret i Epídavros kan framleis romma 14 000.[1] I gresk tradisjon vart det hevda at Dionysos sjølv var ansvarleg for bygginga.
Skråninga på sørsida av Akropolis har to teater, Dionysosteateret og Herodes Atticus (gresk Iródis o Attikós). Dionysosteateret er ikkje så godt verna som det andre, men har hatt større tyding. Strukturen kan daterast til 300-talet f.Kr. Det har hatt fleire seinare renoveringar. Etter athensk tradisjon markerte Dionysosteateret byrjinga på gresk teatertradisjon. Teateret utvikla seg til ei religiøs feiring til ære for guden Dionysos. Teateroppføringane utvikla seg etterkvart til konkurransar i Dionysos si and. Vinnaren fekk gjerne premiar, tripodar. Vinnaren sin tripod kunne plasserast i teateret, eller langs gata til teateret.[2]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Plasseringa til Dionysosteateret, på den sørlege skråninga under Akropolis, har vore kjend sidan 1700-talet. Det greske arkeologiske selskapet byrja å grava ut restane i 1838 og gjennom det meste av 1800-talet. Tidlege ruinar i området som kan knyttast til Dionysos har vorte daterte til 500-talet f.Kr. under styret til Peisistratos og etterfølgjarane hans, men teateret var tydelegvis ikkje bygd på staden før eit hundreår seinare. Det einaste sikre beviset på dette tidlege teateret er nokre få steinblokker som var vorte nytta på nytt på 300-talet f.Kr.[3]
På 500-talet f.Kr. vart det halde tilstellingar knytte til dionysia (dionysosfestivalar) i agoraen i Aten med tilskodarar på trebenkar plasserte på ein tribune (ikria) som var sett opp i eit sirkulært område (orkhestra). Tribunen kollapsa tidleg på 400-talet f.Kr., ei hending som er omtalt i gamle kjelder. Etter kollaps av tribunen vart drama- og musikkonkurransar haldne i Dionysosteateret under Akropolis.
Teateret var vigd til Dionysos, vinguden og vernaren for dramaet som var vert for dionysosfestivalen. Blant dei som konkurrerte var antikke greske dramatikarar som fleire verk har overlevd etter, først og fremst Aiskylos, Sofokles, Evripides, Aristofanes og Menander. Tragediane var tileigna atenarane med festivalar som vart iscenesette til særskilde tider av året. Desse dramafestivalane der skodespelarar konkurrerte involverte fire skodespel, tre tragediar og ein satire med eit lettare tema. Dei fire verka var ofte lenkja til dei tre tragediane og danna ein trilogi, slik som Orestien av Aiskhylos. Denne berømte trilogien (med tragediane Agamemnon, Sonofferet og Eumenidene) vann konkurransen i Dionysosteateret for året 458 f.Kr. Stykka fortel den fryktelege historia om kong Agamemnon av Mykene som vert drepen av kona si, om hemnen til sonen Orestes mot mor si, og rettssaka mot Orestes i Athen.
Restaurering
[endre | endre wikiteksten]24. november 2009 annonserte greske styresmakter at dei ville utføra ein delvis restaurasjon Dionysosteateret. Den greske kulturministeren annonserte eit program til ni millionar, med planlagd ferdigstilling i 2015.[4][5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Montgomery, Henry C. (mars 1959): «Amplification and High Fidelity in the Greek Theater» i: The Classical Journal 54 (6), s. 242-245.
- ↑ Gates, Charles (2011): Ancient Cities, New York: Routledge, s. 263-264.
- ↑ Travlos, John (1971): Pictorial Dictionary of Ancient Athens.
- ↑ «2,500-year-old Greek theatre under the Acropolis to be restored», The Guardian, 25. november 2009
- ↑ «Acropolis South Side», Athens Information Guide
- Denne artikkelen bygger på «Dionysosteateret» frå Wikipedia på bokmål, den 18. november 2018.
