Diploë

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det ytre laget av skallen er fjerna. Ein kan sjå dei klaffelause venene, venae diploicae, som finst i diploë.

Diploë eller diploe er det svampete knokkelvevet som i hovudsak finst på innsida av flate knoklar, særleg skalleknoklar, men òg i visse flate og uregelmessige knoklar andre stadar i kroppen.[1][2] Namnet er nylatinsk og kjem av det greske ordet diploē, som tydar «dobbel», fyrste gong brukt i 1597.[3]

Knoklane i hovudskallen kan delast inn i fleire plater. Det ytste laget er delt inn i to plater kalla lamina interna calvariae og lamina externa calvariae. Dei er tjukke og harde, og er samansett av kompakt knokkelvev. Den indre plata er tynn, tettpakka og skøyr og er kjend som lamina interna ossium cranii. Det mellomliggande porøse vevet blir kalla diploë.[1] Nokre plassar blir diploë absorbert av hovudskallen, slik at det oppstår væskefylte rom mellom platene. Diploë inneheld ei rekkje kanalar, og gjennom desse kjem klaffelause vener.[2]

Diploë husar og vernar om den raude beinmergen i hoftebeina, ribbeina, brystbeinet, ryggvirvlane og i endane av lange knoklar. Dei væskefylte romma minskar vekta av knoklane, slik at dei lettare kan flyttast og støttast av skjelettmusklar. Diploë har visse likskapar med beinmergshola i lange knoklar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Holck, Per (13. februar 2009). «diploë». Store medisinske leksikon. Henta 3. mars 2015. 
  2. 2,0 2,1 Walberg, Fred (14. februar 2009). «diploe». Store norske leksikon. Henta 3. mars 2015. 
  3. «diploe». Merriam Webster Dictionary. Henta 3. mars 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]