Diplomatområdet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Diplomatområdet
bydel
Land Flag of Bahrain.svg Bahrain
Guvernement Hovudstadsguvernementet
By Manama

Diplomatområdet (arabisk المنطقة الدبلوماسية; al-Mantiqah ad-Diblomasiyah) er eit område i Manama, hovudstaden i Bahrain. Området vart bygd på eit tørrlagd kystområde i 1970-åra og gradvis utvida i 1980-åra. Diplomatområdet er finansdistriktet i Manama, og husar hundrevis av bankar, investeringsføretak og takaful-lag som tener heile Persiabukta. Det består hovudsakleg av høghus.[1][2]

Ambassadane til Saudi-Arabia og Kuwait ligg i området, og det same gjer Bahrain nasjonalmuseum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Diplomatic Area, Manama». allposters.com. 
  2. Ben Hamouche, Mustapha (2008). The Evolving Arab City: Tradition, Modernity and Urban Development. Routledge. s. 206. ISBN 9781134128211.