Direktoratet for forvaltning og IKT

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) var eit norsk direktorat som låg under Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Det vart lagt ned 31. desember 2019. Den 1. januar 2020 vart Altinn, delar av fagmiljøet for informasjonsforvaltning i Brønnøysundregistera og Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) samla i det nye Digitaliseringsdirektoratet. Difis samfunnsoppdrag var å vere det sentrale fagorganet for modernisering og omstilling av offentlig sektor.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) var eit norsk statleg direktorat som vart oppretta 1. januar 2008 og som låg under Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Etaten hadde særleg ansvar for digitalisering av offentleg sektor, offentlege anskaffelsar og forvaltingsutvikling.[1] Difi var fagorgan for forvaltnings- og IKT-politikken i offentleg sektor.[2] Direktoratet hadde ansvar for kunnskapsformidling, utgreiing og tilrådingar av standardar, utvikling av rettleiarar og forvaltning og drift av teknologiske felleskomponentar.

Difi vart oppretta for å «medverke til at statsforvaltninga kan kjenneteiknast av kvalitet, effektivitet, brukarretting, openheit og medverknad og at ho er organisert og leidd på ein god og målretta måte, med naudsynleg samordning på tvers av sektorar.»[3]

Difi var ved etableringa i 2008 underlagt Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet (FAD) og bestod av ca. 100 personer frå Statskonsult, Ehandelssekretariatet, Noreg.no og FAD. Før nedlegginga 1. januar 2020 var Difi underlagt Kommunal- og moderniseringsdepartementet og hadde i alt 265 medarbeidarar, fordelt på 171 i Oslo og 94 i Leikanger (ved årsslutt 2014). Hans Christian Holte var direktør i Difi frå 2008 til juni 2013. Ingelin Killengreen tok permisjon frå stillinga si som departementsråd for å vere fungerande direktør i Difi frå 1. desember 2013, og fortsette som direktør fram til Steffen Sutorius vart tilsett og tok over frå 1.mai 2015

Kvart år fekk Difi eit tildelingsbrev som gav dei økonomiske rammene, fastset fullmakter, prioriteringar, resultatmål og krav til rapportering. Alle tildelingsbreva er tilgjengelege på nettsidene til regjeringa[4].

Difi gav ut ca. 15 rapportar i året. Ein firedel av desse vert lasta ned mindre enn 30 gonger og ein firedel har vorte lastet ned meir enn 500 gonger. Dei mest populære har vore ein rettleiar med tips til bruk av sosiale medium for forvaltninga[5] og ein rapport om digitale arkitekturprinsipp.

Tilgjengelegheit på offentlege nettsider[endre | endre wikiteksten]

Difi (og før fusjon gjennom noreg.no) gjennomførte frå 2004 til 2016 årlege kvalitetsvurderingar av offentlege nettstader. Ca. 700 statlege og kommunale nettstader vart årleg vurderte ut frå tilgjengelegheit, brukartilpassing og grad av nyttig innhald. Resultatet av vurderingane vart lagt ut på kvalitet.difi.no.[6] Kriteriesettet vart årlig tilpassa etter høyring i kommentarfeltet på kvalitet.difi.no.

Difi fikk frå 2014 ansvar for å føre tilsyn med om nye nettsider og automatar følgjer reglane om universell utforming av IKT.[7]

Nettstader[endre | endre wikiteksten]

Difi står for drifta av fleire nettbaserte rettleiarar og verktøy.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]