Dirillo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dirillo
elv
Land Sicilia i Italia
Kjelde Ibleifjella nær Vizzini
 - høgd 986 moh moh
Munning Siciliasundet søraust for Gela
 - høgd 0 moh moh
Lengd 54 km km
Nedslagsfelt 739 39 km² km²

Dirillo eller Acate er ei 54 km lang elv på Sicilia i Italia. Ho har sitt utspring i Ibleifjella og renn gjennom Vizzini, Licodia Eubea, Mazzarrone, Chiaramonte Gulfi, Acate, Vittoria og Gela. Ho munnar ut i Siciliasundet søraust for byen Gela. Som den største elva i området vert ho stundom kalla Fiume Grande.

Elva vart i antikken kalla Achates.

I 1950-åra vart elva demma opp nær Licodia Eubea for å danne eit reservoar til bruk for ein petrokjemisk fabrikk. Med godt fiske og gode campingfasilitetar er området ein turistattraksjon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]